I førjulstida får dei lage enkle julegåver og julepynt, dei får prøve å bake, vi syng julesongar og vi deltek på luciafrukost og nissefest i lag med dei andre i barnehagen. Vi har også ein julekalender der dei får noko godt å putte i munnen som t.d. rosiner eller kjeks ( ein trekker men alle får). Den som har trekt får også ta med pepperkakehjertet, som han/ho har pynta, heim.
Baking og smaking - mykje nytt for dei små både når det gjeld smak, lukt og konsistens. Dei små tek i bruk alle sansane sine når dei prøver noko nytt, og for nokre kan det vere litt skummelt å ta på ei klissete deig. Det er difor viktig å la dei prøve seg fram i eige tempo. Andre hiv seg på og knar på deiga, putta litt i munnen for å smake, kasta litt på golvet, og dei viser tydeleg glede over å få prøve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar