Tradisjonen tru, var det mange stolte foreldre som tok turen til Tusenfryd i dag tidleg, for å feire luciadagen.
Førebuingane til luciafesten starta for fleire dagar sidan- med baking av lussekattar, innkjøp, pynting av avdelingane og ikkje minst, innøving av Luciasangen.
Historia om Sankta Lucia har også vorte fortalt. (Ei ung jente på Sicilia rundt år 300, bad om at hennar dødsjuke mor måtte bli frisk, og da det skjedde, brukte ho pengane som ho hadde fått av mora til å gifte seg for å gi brød til dei fattige i byen. Ho blei etter sin død erklært som helgen; "Sankta Lucia".)
Alle reie klokka kvart over sju i dag tidleg, var personalet i full gong med å førebu frokost til 46 barn og om lag 60 foreldre/besteforeldre. Når klokka var ni, var alt dekka og klart....og festen kunne starte.
Då vi såg kor stort publikum vi skulle synge for, var det kanskje ikkje så rart at mange hadde sommarfuglar i magen...(I tillegg til at omgangssjuka har gjort sitt inntog for fullt, i takt med luciatoget...)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar