FORUT- SUPPE
Barna på Solsikka og Løvetanna har dei siste åra deltatt i Forut sitt barneprosjekt. Her lærer dei om barn i andre land og andre delar av verda. Vi blir kjent med barn og familiane deira der fattigdom gjer livet vanskelig for familien. I årets aksjon følger vi Indrani videre, både med forberedelse til skolestart på drømmeskolen, og på en eventyrlig reise til et palass i byen Mysore.Som ein del av det pedagogiske opplegget om selger vi "Forut- suppe" til inntekt for forut sine barneprosjekt.
Les meir om Forut sin barneaksjon her:
http://www.forut.no/index.php?cat=156181
Lucia fokost
Den 13.desember har vi i Tusenfryd som tradisjon å feire luciadagen med ein "luciafrokost".Då får barna invitere ein vaksen eller to til å ete frokost i barnehagen. Barna og personalet har ein stor bakedag i forkant der vi bakar lussekattar. Barna går i luciatog og syng nokre songar til publikum. Så får alle ete ein god frokost med lusskattar og deileg pålegg. Dette brukar å vere eit populært arrangement. Og vi får ofte kommentarar frå foreldre som ikkje lenger har barn i barnehagen, om at dei saknar denne tradisjonen!
Nissefest
Alle barna og personalet er med på nissefesten som foregår i barnehagen ein formiddag før jul. Alle kler seg ut som nissar, vi et nissegraut og går rundt juletreet. Så får vi besøk av nissen som har med seg poser med ein liten overraskelse til alle barna. Dette er ein dag med høg stemning og mange forventningar.Skidag
Ein dag i løpet av vinteren arrangerer vi ski og akedag i barnehagen. Dei store barna har med seg ski og dei som er mindre har andre snø og vinter aktivitetar. Vi arrangerer skirenn og skiaktivitetar. Denne dagen har vi pølsebod og varm saft i drikkestasjon.Alle får diplom eller medalje for god deltaking!
Påskefrokost
Barn og personalet bakar "kyllingbollar" i forkant av denne dagen. Nest siste dag før påskeferien dekkar vi langbord og alle i barnehagen et påskefrokost i lag. Av og til vel Blåklokka (småbarnsavdelinga) å ete på eiga avdeling.Sommerfest
I juni arrangerer foreldra ein sommerfest med basar, salg av kaffi, kake mm. Foreldra er med på å skaffe gevinstar i forkant. Dette er ein populær fest der alle får ta med seg foreldre, besteforeldre og andre dei vil ha med til ein kjekk laurdag i barnehagen.Inntekta går til leiker eller anna utstyr som kjem barna til gode. Vi har til dømes kjøpt inn leikehytte, sjørøverskute og activeboard for penger som har komt inn på sommerfesten.
Førskuletur
Kvart år reiser førskulebarna på ein lengre tur i juni, som avslutning på tida i barnehagen.Det har vorte tradisjon at vi reiser til Atlanterhavsparken i Ålesund. På denne turen et vi ofte lunsj på ein av spisestadane i byen.