VÅREN 2022 STARTA VI OPP MED NYTT UTVIKLINGSARBEID
Dei siste åra har vi hatt fokus på tryggheit og det emosjonelle samspelet mellom barn og vaksne som ein ”grunnmur” i utviklingsløpet til barna. Trygg tilknytning (COS) har vorte ein integrert del av relasjonsarbeidet på avdelingane.
Å oppnå varig endring i ein organisasjon tek tid. Alle i personalgruppa skal med! Gjennom mange eksterne kurs og interne fagdagar, timar med faglitteratur, drøftingar og gruppearbeid føler vi no at vi har oppnådd ei varig endring i personalgruppa. Når vi no beveger oss inn i eit nytt utviklingsarbeid for personalet og nytt satsingsområde for barna, er trygg tilknyting og gode relasjonar fortsatt ein viktig del av pedagogikken i Tusenfryd barnehage.
Udir sin modell for dei ulike fasene i utviklingsarbeid. |
I Tusenfryd barnehage har vi positive erfaringar med det å oppnå endra praksis gjennom utviklingsarbeid. Gjennom kartlegging og evaluering av "kvar vi står" og felles tankar og drøftingar om kva vi treng av fagleg organisasjonsutvikling, begir vi oss no ut i det "ukjente";
Dei siste månadane har vi så smått starta med det nye utviklingsarbeidet vårt.
Vi ønsker å oppnå ein kultur der vaksne og barna er nysgjerrige, utforskande og idèskapande saman. Barna si forskartrong og undring skal styrkast gjennom leik og kreativitet.
Foto lånt av: https://www.usn.no/forskning/forskningsnytt/engasjerte-barn-larer-best-ogsa-i-naturen |
Kreativitet er ein av dei viktigaste ferdigheitane som vi tenker vil bli etterspurt i framtida. Evna til kreativitet er vi fødd med, og den vert særleg stimulert i barnehagealder.
- Korleis legg vi til rette for kreative prosesser i vår barnehage?
- Korleis utfordrar vi barna sin fantasi?
- Korleis legg vi til rette for barn sin medverknad i kreative prosesser?
- Kva tenker vi stimulerer barna sin kreativitet?
- Korleis jobber vi med barna sin naturlige undring, leikenheit og fantasi?
Hanne Finstad (Dr.fhilos) er grunnleggar av og dagleg leiar i Forskerfabrikken. Ho jobbar alltid med å spre realfagsglede, har tidlegare jobba som forskar, er forfattar og brenn for forskningsformidling. Vi deltek på nettbaserte kurs og rettleiingar med ho.
"Barn er født naturlige forskere. De tester hypoteser hele tiden. Ny forskning viser at babyer er mer avanserte tenkere enn det tidligere pedagoger trodde. Tiden mellom 0 og 6 år er den viktigste tiden i barns liv, fordi det er da hjernen utvikles mest. Alt du gjør i denne tiden er avgjørende for barns utvikling. Derfor er barnehagen viktigere enn skolen." (Hanne Finstad, Første steg nr 3|2015)
Her har "forsker-Beth" satt i gong eit forsøk som kallast for "fargar i bevegelse". Vi har flytta farga vatn over i tomme glass ved hjelp av papir 🤩. Spennande å sjå kva som skjer i dei tomme glassa. |
Vi ser fram til fleire kjekke forskarstunder i lag med barna, og til å utvikle oss på å skape meir kultur for kreativ tenking og problemløysing.