Fryd til tusen i Polen
Torsdag 7.september setter 14 ansatte frå Tusenfryd barnehage seg på Wizz Air-flyet til Gdansk. Vi er både spente og reisesjuke, og forventningane til kva vi skal lære og oppleve er høge.
I Tusenfryd ønskar vi å oppnå ei endring av praksisen vår. Personalet ønsker auka bevisstheit på korleis våre haldningar rundt kulturelt mangfald dannar grunnlag for korleis barn frå Polen, og andre øst-europeiske land blir møtt i barnehagen vår. I forkant av turen har vi på ulike måtar satt oss inn i typiske trekk i polske tradisjonsberande oppdragelsespraksisar og polsk barnehagetradisjon. Vi trur at felles erfaring og ny kunnskap vil bidra til betre praksis. Endeleg skal vi få reise og sjå korleis polske pedagogar arbeidar i barnehagane der. Vi skal få ein smakebit av den tradisjonen som mange av våre barnehagebarn er ein del av.
|
På flyplassen blir vi møtt av vår norsktalande reiseleder, Maciej Snarski |
|
Mariakirken |
|
Neptun-fontenen |
På kvelden går vi til dekka langbord på historiske Brovarnia der vi får tradisjonsrik polsk middag bestående av sursuppe med hardkokt egg og polsk pølse, tradisjonell stekt and på braisert rødkål med polsk dumpling og tranebærsaus, karamellpudding med lønnesirup og blåbær.
|
Sursuppe servert i brød |
|
Tradisjonell stekt and i tranebærsaus |
Fredag 8.september møter Macjei oss ved Waterlane og geleider oss til fots den korte veien til ul Krowoderska 8 og Barnehage
nr 31 «Sloneczko"
|
Vi blir godt tatt imot av dagleg leiar som viser oss rundt i barnehagen |
|
"Sloneczko" er en tradisjonel kommunal polsk barnehage omgitt av ein stor hage. Sjølv om bygget er gamalt er romma store og romslege. Vår reiseleiar Maciej, fortel at det ser likt ut som då han sjølv gjekk i barnehagen. Dagleg leiar fortel at dei har fokus på at barna skal få vere ute i hagen og t.d. vere med på å dyrke grønsakar. Dei har eit stort institusjonskjøkken der all mat vert laga. På formiddagen følge pedagogane eit fast opplegg der barna får undervisning i ulike tema og fag. Det kjem tydeleg fram at i store barnegrupper med få vaksne trengs det disiplin og orden. Barns medverknad og det å sjå kvart barn innanfrå vert vanskeleg. Det kan sjå ut som den tydelege vaksenleiinga og strukturen er det som skaper tryggleiken for barna.
|
|
Vi blir delt inn i grupper som får følge aktivitetane på forskjellige avdelingar. I gåve til barnehagen har vi med oss "Villkatten", favorittspelet i Tusenfryd bhg. |
|
Det pedagogiske opplegget minner mykje om opplæringa i norsk førsteklasse. |
|
Pedagogen har ei matteøkt med 5- og 6 åringane. Pedagogen trillar terningen og barna skal i tur og orden plukke med seg så mange gjenstandar som augene på treningen viser. I gruppa har ho 24 barn og hjelp av ein ung assistent som hjelper til med å tilrettelegge for aktivitetar, og halde ro. |
|
Her er det struktur og orden
|
|
Under besøket er det tid til å samtale med dei polske pedagogane utveksle tankar og erfaringar rundt mål og metode. |
Før vi takkar for oss og inviterer til gjenbesøk på Stranda, dersom dei ønsker det.
Vi spaserer tilbake til Waterlane for ei kort pause før vi går til Publiczne pozytywne przedszkole nr2
Barnehagen ligger i 2.etg i eit nytt og moderne bygg med både leilegheiter og kontor. Barne-hagen har ikkje eige uteområde men kan bruke leikeapparata som finnes i tilknytning til boretslaget. Når barna skal vere ute, går dei på tur til parkar, museum, utstillingar, konsertar og liknande, eller dei øver på å ta bane, bevege seg rundt om i byen m.m.Vi blir tatt imot i resepsjonen av direktør Bartlomiej Zentkowski. Han er en av få mannlege ansatte i barnehagar i Gdansk. Pozytywne har faktisk to mannlege ansatte, noko som er heilt unikt. Det er vanskeleg å rekruterere lærarar til arbeid i barnehage også i Polen. Løna er lav og stig ikkje i takt med andre samanliknbare yrkesgrupper. I denne barnehagen arbeider pedagogane 40 timar pr veke. Bartlomeiej er direktør for to barnehagar eigd av same stiftelsen. Barnehagen har 175 barn fordelt på 7 grupper. Kvar gruppe har omlag 20-25 barn. Barna starter i barnehagen når dei er 3 år og kan velge å gå i barnehagen til dei er 7 år. Det er foreldra som vel om barna skal starte på skulen når dei er 6 eller 7 år.
|
Her er inngangspartiet til barnehagen. I resepsjonenen registrerer foreldra barna, før dei følge dei inn til avdelinga. |
Barnehagen står fram som moderne med lyse, fine lokaler og med mykje nytt utstyr. Vi kjente att inventar og digitale hjelpemidler som vi sjølv har i Tusenfryd. Barnehagen har ikkje eige kjøkken men får levert all mat frå cateringselskap. Barna får 4 måltider om dagen.
|
Projektor i taket. Her prøver vi projektor-fotball. |
|
Lyse, fine lokale, med plass for både leik og læring
|
|
Tid for litt avslapping etter lunsj |
Pedagogane arbeider mykje med temabasert læring. Når dei skal lære om ulike yrker, inviterer dei yrkesgrupper til å bidra.
|
Her lærer dei om riding som hobby |
|
Ein pappa fortel om yrket sitt som grensevakt |
Før vi reiste til Polen, vart vi utfordra på å gjennomføre ein aktivitet med barna, som viste litt om vår barnehagekultur.
Vi valte å ha ein dramaaktivitet det vi framførte «Bukkane
Bruse». I to ulike grupper las Anna og Agnieszka først eventyret på polsk. Så hadde vi ei dramamatisk framsyning med kostyme. Til slutt fekk dei kvar si oversatt utgåve av boka i gåve, saman med trefigurer av eventyret. Så no er det nye temaet på dei to avdelingane å lære meir om norske «Troll».
|
Silje er den største og sterkaste bukken |
|
Anna les eventyret først på polsk |
|
Spennende å høyre Agnieszka lese norsk eventyr |
|
Kjekt å få prøve kostymet etterpå |
|
Med eventyrbok på polsk og trefigurer som konkretar, kan dei fortsette å fortelje norsk folkeeventyr i Polen. |
Det å få sjå pedagogane i arbeid og å få snakke med dei og å kunne stille spørsmål undervegs er verkeleg spennende og lærerikt.
Vi ser at noko er likt og noko er ganske ulikt dei pedagogiske tankane og det pedagogiske arbeidet vi gjer i vår barnehage. Særleg verkar vårt fokus på omsorg, tilknyting og nærleik til barna litt fremmed for dei polske pedagogane.
Laurdag 9.september går turen sjøvegen med båt til badebyen Sopot.
Vi har fri til å berre nyte livet i Sopot i sol og 30 veldig varme grader.
|
Piren i Sopot (bilde lånt fra Wikipedia) |
Søndag 10.september brukar vi til å rusle rundt i Gdansk før vi blir henta med minibuss og køyrd til flyplassen.
Mandag morgon er vi igjen klar for åpning av barnehagen klokka 640. Vi er mange oppservasjonar, erfaringar og refleksjonar klokare. No startar etterarbeid av studieturen. I grupper skal vi no gå gjennom observasjonar og refleksjonar som vi har gjort, og planlegge vegen vidare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar