I desember er det justeringsopptak i barnehagen. Det inneber at det kjem nye barn inn i barnehagen, og nokre av dei som er på småbarn blir flytta over til neste avdeling der dei er litt større. For at overgangen skal bli så lett som mogleg for barna, bruka vi mykje tid på å vere på besøk hos den nye avdelinga slik at dei skal bli godt kjende med både dei vaksne og dei andre barna. Vi ser på det som viktig å sjå kvart enkelt barn og dets behov for at dei skal føle seg sett og ivaretatt ved overgangen.
I vår barnehage er vi opptatt av at vi er ein barnehage, og vi har ein del felles arrangement. Difor er dei fleste av barna trygge på alle vaksne, og dei kjenner mange av dei andre barna. Dette er med på å gjere slike prosessar enklare.
Barna får sjølve delta i flytteprosessen ved å hjelpe til med å flytte korgene sine. Det er spennande og kjekt å få hjelpe til. Tenker der er litt sommerfugler i magen hos dei små i denne prosessen! ( og hos dei vaksne også!!)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar