KIDPLAN er ein digital plattform med smart kommunikasjonløysingar som er enkle for personalet å bruke.
Anne Merete oppdaterer foreldra med info frå Løvetanna. |
Dei siste vekene har personalet tatt i bruk den nye plattformen med stor iver. Ein av dei største fordelane med PBL Kidplan er at barnehagen får samla alt på ein plattform.
Her har vi no både heimesida til barnehagen som er åpen for alle, og bak innlogging har foreldra (via pssord) tilgang til intern informasjon og kommunikasjon med barnehagen. Vi som er administratorar har vårt eige område for dokumentasjon og kommunikasjon. Systemet er logisk oppbygd og enkelt å bruke.Her kan vi mellom anna
- Sjekke inn og ut barn digitalt
- Legge ut bilde, enten til enkeltforeldre, grupper eller heile barnehagen
- Sende beskjedar til enkeltforeldre, ei avdeling eller heile barnehagen
- Vi har oversikt over løyveskjema fylt ut digitalt av foreldra
- Vi kan halde foreldra oppdatert på alt som skjer gjennom foreldre-appen Kidplan
KIDPLAN FORELDRE- APP
PBL Mentor Kidplan har utvikla ein eigen foreldre-app som gjer kommunikasjon med foreldra enklare. I appen kan barnehagen blant anna dele bilder, kalender og send beskjedar. Foreldra kan følge med på alt som skjer i løpet av barnehagedagen via appen, som å sjå bilder fra turane barnehagen har vore på og sende beskjeder.
BILDEDOKUMENTASJON
Vi har vel alle opplevd å få knappe svar på spørmålet "Kva har du gjort på i barnehagen i dag då?"
Det er mykje som skjer i løpet av 8-9 timar i barnehagen. Like vel svarar barnet ofte berre "Eg har leika"...eller "Eg huskar ikkje..."
Personalet prøver vere flinke til å dele (bak innlogging) bilder og små tekstar frå dagen i barnehagen, med foreldra.
No kan foreldra nytte bilda og tekstane som bakgrunn for samtale med barna. Barna hugsar ofte lettare når det får sjå bilder av det dei har gjort.
NY NETTSIDE
Også nettsida vår har vorte ny! Vi er stolte av barnehagen vår og er glade for å kunne vise fram både barnehagen, pedagogisk innhald og aktivitetar. Og vi ønsker å tilby familiane verktøy som gjer at dei føler dei får betre innsyn i kvardagen i barnehagen.Det er viktig at dei får innsyn i meir det som skjer dei 5-10 minutta dei er innom på morgonen for å bringe barnet sitt til oss, og dei minutta dei er innom på ettermiddagen for å hente igjen. På same tid ønsker vi også å vise igjen utad, i eit konkuranseutsett marked.
Vi ser at flere og flere tek verktøyet i bruk og tilbakemeldingane frå foreldra er veldig gode. Fleire kommenterer det at dei kan laste ned ein app på telefonen gjer at dei alltid har informasjonen med seg og at dei får påminningar om viktige møter eller aktivitetar der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar