Etiketter

"Vekas suppe" (9) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) abilia (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) alternativ kommunikasjon (1) Alternativsuplerendekommunikasjon (1) Animasjonsfilm (1) anleggsmaskin (1) anleggsområde (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) ASK (2) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) barn og dyr (1) Barnehage (3) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) bevegelsesglede (1) bildebøker (1) bildekommunikasjon (1) bildekort (1) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blakstad gård (1) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (97) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brillebjørn (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bygge hus (1) Bøker (3) bålpanne (1) chili con carne (1) circelofsecurity (1) COS (1) couscous (1) Dagtavle (1) dans (1) digital dokumentasjon (1) digital plattform (1) dillsaus (1) doktorleik (1) Dokumentasjon (1) dramatisering (1) Dugnad (2) dukkelek (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (2) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) fjordcruice (1) fjordsenter (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Foreldremedvirkning (1) foreldreogbarn (1) Foreldresamarbeid (2) Foreldreveiledningskurs (1) Forming (7) formingsaktivitet (4) formingsaktiviteter (1) forskerfabrikken (1) forsøk (1) forut (3) fossevandring (1) Foto (1) fra jord til bord (1) Friluftsliv (2) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (5) Fysisk fostring (4) fysisk og psykisk helse (1) førsklolebarn (1) førskolebarn (1) førskoletur (1) Førskule (4) Førskulebading (3) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (17) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (3) Glede (1) Gondol (1) gravemaskin (1) grill (1) Grilling (1) grønne fingrer (1) grønnsaker (1) grønnsakshage (5) grønnssakshage (1) grønsaker (1) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (3) Gårdsbesøk (3) Haust (6) helse (1) hinderløype (1) Humlegruppa (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) høytlesing (1) haavardgarden (1) IKT (13) Indianarskogen (3) Indianerskogen (11) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) KIDPLAN (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøkkenassistent (1) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) Kommunikasjon (1) Kompost (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreativ tenking (1) kreative (1) Kreativitet (1) kropp (1) Kroppen (2) Kroppsspråk (1) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (4) leikegruppe (1) lek (2) lekegrupper (1) leseglede (1) lesestund (2) litteratur (1) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (136) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (3) marikåpe (1) mat (63) Matglede (2) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) måltid (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) norsk fjordsenter (1) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (3) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) omsorgsfulle (1) Oppskrifter (29) Oppstart (1) organisasjonsutvikling (1) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) PBL Mentor Kidplan (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) problemløsning (1) prosjekt (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (17) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Relasjoner (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) rollelek (1) rolltalk (1) rolltalkdesignerforprint (2) rolltolk (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) samarbeidsutvalg (1) Samling (4) Samlingsstund (1) samlingstund (1) sanseaktivitet (1) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) skolestartere (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (2) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (5) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (163) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Sove i hengekøye (1) spinatsuppe (1) språk (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (9) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) Teikn til tale (1) tema (2) temafest (1) tematavle (1) Temaarbeid (9) temaarbeid. (1) Thailand (1) tidlig innsats (1) Tilknytning (1) tilknytningspsykologi (1) Tillvenning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) trugetur (1) Trygghet (1) trygghetssirkel (1) trygghetssirkelen (1) tur (45) turbingo (2) turist i egen kommune (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) tusenfrydbarnehage (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (10) Uteliv (7) uteområdet (2) Utetid (5) Utflukt (1) utviklingsarbeid (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (2) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinteraktiviteter (1) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

28.06.2022

Å skape ein kultur for kreativ tenking og problemløysing



VÅREN 2022 STARTA VI OPP MED NYTT UTVIKLINGSARBEID

     -Å skape ein kultur for kreativ tenking og problemløysing: 














Dei siste åra har vi hatt fokus på tryggheit og det emosjonelle samspelet mellom barn og vaksne som ein  ”grunnmur” i utviklingsløpet til barna. Trygg tilknytning (COS) har vorte ein integrert del av relasjonsarbeidet på avdelingane. 



Å oppnå varig endring i ein organisasjon tek tid. Alle i personalgruppa skal med! Gjennom mange eksterne kurs og interne fagdagar, timar med faglitteratur, drøftingar og gruppearbeid føler vi no at vi har oppnådd ei varig endring i personalgruppa. Når vi no beveger oss inn i eit nytt utviklingsarbeid for personalet og nytt satsingsområde for barna, er trygg tilknyting og gode relasjonar  fortsatt ein viktig del av pedagogikken i Tusenfryd barnehage. 

Udir sin modell for dei ulike fasene i utviklingsarbeid. 

I Tusenfryd barnehage har vi positive erfaringar med det å oppnå endra praksis  gjennom utviklingsarbeid. Gjennom kartlegging og evaluering av "kvar vi står" og felles tankar og drøftingar om kva vi treng av fagleg organisasjonsutvikling, begir vi oss no ut i det "ukjente";

Dei siste månadane har vi så smått starta med det nye utviklingsarbeidet vårt. 

Vi ønsker å oppnå ein kultur der vaksne og barna er nysgjerrige, utforskande og idèskapande saman. Barna si forskartrong og undring skal styrkast gjennom leik og kreativitet. 

Foto lånt av: https://www.usn.no/forskning/forskningsnytt/engasjerte-barn-larer-best-ogsa-i-naturen

Kreativitet er ein av dei viktigaste ferdigheitane som vi tenker vil bli etterspurt i framtida. Evna til kreativitet er vi fødd med, og den vert særleg stimulert i barnehagealder.

  • Korleis legg vi til rette for kreative prosesser i vår barnehage?
  • Korleis utfordrar vi barna sin fantasi?
  • Korleis legg vi til rette for barn sin medverknad i kreative prosesser?
  • Kva tenker vi stimulerer barna sin kreativitet?
  • Korleis jobber vi med barna sin naturlige undring, leikenheit og fantasi?

Barna er nysgjerrige på verda rundt seg. Vi vaksne kan hjelpe dei med å gi den litt meir meining og til å utforske alle dei spennande muligheitene som er der i lag med dei.



Realfag handlar veldig mykje om det vi omgir oss med til dagleg. Om byggeklossane ein leiker med, om å vere ute i naturen og oppdage det som skjer der. Alle dei tinga som foregår frå at ein lurer på kva maten er laga av til kva som skjer om ein dytter ein tung stein ned i ei stor bøtte med vatn.

Barna skal leike, ha det gøy og vere nysgjerrige. Og så skal dei møte kompetente vaksne som kan rettleie og undre seg i lag med dei, enten det dreier seg om tall, form og størrelse, dyr, kroppen vår eller naturen. Barn er naturleg opptatt av realfag rett og slett fordi dei er nysgjerrige på verda rundt. Vi skal ha gode samtalar og spennande aktivitetar knytt til det som stimulerar barna si undring,  nysgjerrigheit og fantasi. Tanken er at vi ikkje alltid skal gi barna løysinga eller svaret på problemet, men vere støttande stillas i barnet sin utforsking og søken etter svar.

             Hanne Finstad (Dr.fhilos) er grunnleggar av og dagleg leiar i Forskerfabrikken. Ho jobbar alltid med å spre realfagsglede, har tidlegare jobba som forskar, er forfattar og brenn for forskningsformidling. Vi deltek på nettbaserte kurs og rettleiingar med ho. 

Med Hanne Finstad i Forskarfabrikken som kurshaldar og rettleiar startar vi med å knytte barna sin forskartrang og medfødte intuitive matematiske forståing til kreativ tenking og problemløysing i barnehagedagen.    

"Barn er født naturlige forskere. De tester hypoteser hele tiden. Ny forskning viser at babyer er mer avanserte tenkere enn det tidligere pedagoger trodde. Tiden mellom 0 og 6 år er den viktigste tiden i barns liv, fordi det er da hjernen utvikles mest. Alt du gjør i denne tiden er avgjørende for barns utvikling. Derfor er barnehagen viktigere enn skolen." (Hanne Finstad, Første steg nr 3|2015) 


Her har "forsker-Beth" satt i gong eit forsøk som kallast for "fargar i bevegelse". Vi har flytta farga vatn over i tomme glass ved hjelp av papir 🤩. Spennande å sjå kva som skjer i dei tomme glassa. 


Vi ser fram til fleire kjekke forskarstunder i lag med barna, og til å utvikle oss på å skape meir kultur for kreativ tenking og problemløysing.



21.06.2022

Grønnsakshagen vår tek form

I vår starta Solsikka eit stort og omfattande prosjekt  - nemleg å lage vår eigen grønnsakshage!


Vi starta med eit drivhus og eit lite område bak gapahuken vår, tiltenkt formålet. Vi samtala og tenkte i lang tid på korleis vi kunne utnytte plassen best.



Denne prosessen har vore lærerik for både store og små, å vi har fått gjort kjekke ting i lag. Førskulegruppa brukte masse tid på klargjering, kosting og raking før vi kom skikkelig i gang. 


På vårdugnaden laga dei flinke foreldra både gjerde og blomsterkasser til oss! I tillegg hjalp dei med flytting av bærbusker. Den gode hjelpa frå foreldra sørga for at vi kom skikkelig i gang med såing, planting og pynting.




 

Nokre av barna har vore med på gartneribesøk i Velledalen, der vi kjøpte blomster til å pynte uteområdet vårt med. Blomstrane våre har vi i potter med både plantejord og kompostjord frå kompostbingen vår. 









Vi har vore to turar til Haavard-garden på Furset, fyrst for å få tips og inspirasjon, så for å hente med oss tomatplanter til å ha i drivhuset, sjølv om vi ikkje får gjennomført alt i år har vi fått masse ideerog inspirasjon - og vi er i gong!!




Så langt i drivhuset og hagen har vi fått på plass tre ripsbusker, stikkelsbærbusk, solbærtre, tomatplantar, rabarbra, markjordbær, persille, rosmarin og timian. Vi har tatt stiklingar av jordbærplantar og sådd solsikkefrø. 
Barna er ivrige og mange set pris på å få bidra med meiningsfulle arbeidsoppgåver. Og alle elsker å grave i jorda. 

Sjølv det å vende komposten, er spennende og lærerikt.

 
https://drive.google.com/uc?export=view&id=1G0lIcr278NeY0QqwB-RAVyAWrnB5_xwAhttps://drive.google.com/uc?export=view&id=13oqTcUHHWEgHIIqKxh7eHuLcjTYOXqv4
























16.03.2022

«Wow, sjå dei fine fjella da!!»

 


For ein dag!
Sitat jente, 5 år: «Wow, sjå dei fine fjella da!!»

☀️

Førskulebarna har hatt ein fantastisk dag på Strandafjellet. Ski, gondoltur, kvikklunsj, kakao….

Barna let seg imponere av fjord og fjell, sjølv om dei bor her på Stranda!! ❤️


Nærmiljøet vårt er ei vakker naturperle! Det er viktig at barna får eit nært forhold til sitt nærmiljø og til naturen rundt oss. Gode natuopplevingar, fysisk mestringsfølelse og relasjonar der vi både kan hjelpe andre og ta i mot hjelp er med på å skape samhald og tilhørigheit. For noken var det kanskje første opplevelsen med skitur på fjellet, eller tur med gondolen opp til Roalden.

Tusen takk, #strandaskisenter for turen med gondolen!

Friluftslivets egenverdi og nytteverdi

Man sier at friluftslivet har egenverdi, men hva betyr så det? I barnehagesammenheng kan vi si at friluftslivet har verdi for barna i form av at opplevelsene, mestringen, inntrykkene, utforskningen og det slitsomme ved å være på tur har en verdi i seg selv. 

Det har betydning og kan kjennes verdifullt for barnet der og da å leke, å tørre klatre i et tre, å sitte et sted og tenke og å være med venner. Vi kan også si at turen i seg selv er målet, med alt det innebærer. Samtidig kan vi selvsagt få et pedagogisk utbytte av turen, av friluftslivet. 

Så vi kan si som Ole Brumm: «Ja takk, begge deler!» For det er i lek at barna får utfordret sine motoriske evner. Det er i lek og samspill at barna får utfordret og utviklet sin sosiale kompetanse. Det er i lek at barna får testet sine grenser og får kjent på hva de klarer og tør. I sin tur vil et aktivt og engasjert arbeid med friluftsliv i barnehagen kunne bidra positivt i barns danningsprosess. Det kan bedre barns motorikk, helsegevinsten er åpenbar og ønsket om å ta vare på naturen kan utvikles. (Forskerfrø)




10.03.2022

"ASK" MED BRILLEBJØRN I SAMLINGSSTUNDA

På Løvetanna, avdeling for 2-3 år, bruker vi no Brillebjørn  som overordna tema. Dette syns barna er veldig kjekt og dei gleder seg til samlingsstundene med Brillebjørn. 
Å bruke overordna tema, brukar å vere positivt for barna på Løvetanna, vi skaper forutsigbarheit og tryggleik ved å nytte noko kjent over lange periodar.



Vi bruker både bøker, bamsen og film/serie. 

Brillebjørn-bøkene tek opp aktuelle tema som det å gå i butikken, bli storebror, 

vere sjuk, gå i bursdagselskap og liknande. 


Til alle bøkene lagar vi eigne ASK- plansjar som bildestøtte. Desse blir ei forsterking av innhaldet og ei støtte for barna når vi samtalar om boka både i forkant og i etterkant av samlinga. 
- og samtalar blir det! For dette er tema som barna kjenner seg igjen i. 








                        

I Tusenfryd brukar vi ASK bildekommunikasjon til alle barn og i så mange situasjonar som mogeleg i løpet av barnehagedagen. Vi tenker at dette er bra for alle som "lærer" språk og som treng støtte for å kommunisere med andre. Det kan vere en styrke for barn med normal språkutvikling, for dei med fleirspråkleg utvikling og for barn som av ulike grunner trenger støtte til å forstå eller å uttrykke muntleg språk i samspel med andre.