På Blåklokka har vi sidan nyttår arbeida med temaet fargar. Det
har vore eitt tema som både barn og vaksne har likt godt. Barna har lært navna
på dei ulike fargane. Hovedfokuset har vore raud, blå, grøn og gul. Dei vaksne har saman med barna snakka om fargane, sett på gjenstandar som har ulike fargar og smakt på ulik mat og smoothie i forskjellige fargar. Det har også blitt
nokre fine bilete i vindauga og på veggane, samt fleire teikningar, både store
felles og mindre individuelle.
|
Vi har mala i lamineringslommer
|
|
Laminerte bilder gir eitt fint utrykk i vindauget |
|
Det var kjekt å teikne eit felles bilete. |
|
Barna har trekt spennande gjenstandar i ulike fargar fra den mystiske boksen.
|
|
Pynta karnevalskattar med silkepapir. |
|
Vi har balansert på dei taktile steinane som også har ulike fargar. |
Gjennom arbeidet med temaet har barna vore innom
fleire av fagområda i rammeplanen. Dei har fått brukt fantasi, kreativ tenking
og opplevd skaparglede. Dei har fått brukt ulike teknikkar og materiale til å utrykkje
seg estetisk og lært fargar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar