Etiketter

"Vekas suppe" (9) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) Animasjonsfilm (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) barn og dyr (1) Barnehage (1) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) bevegelsesglede (1) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blakstad gård (1) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (97) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bygge hus (1) Bøker (2) bålpanne (1) chili con carne (1) couscous (1) Dagtavle (1) dans (1) digital dokumentasjon (1) digital plattform (1) dillsaus (1) doktorleik (1) Dokumentasjon (1) dramatisering (1) Dugnad (2) dukkelek (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (2) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) fjordcruice (1) fjordsenter (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Foreldremedvirkning (1) foreldreogbarn (1) Foreldresamarbeid (2) Foreldreveiledningskurs (1) Forming (7) formingsaktivitet (4) formingsaktiviteter (1) forut (3) fossevandring (1) Foto (1) fra jord til bord (1) Friluftsliv (2) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (5) Fysisk fostring (4) fysisk og psykisk helse (1) førsklolebarn (1) førskolebarn (1) førskoletur (1) Førskule (4) Førskulebading (3) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (17) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (3) Glede (1) Gondol (1) grill (1) Grilling (1) grønnsakshage (5) grønsaker (1) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (3) Gårdsbesøk (3) Haust (6) helse (1) hinderløype (1) Humlegruppa (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) IKT (13) Indianarskogen (3) Indianerskogen (11) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) KIDPLAN (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøkkenassistent (1) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) Kommunikasjon (1) Kompost (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreative (1) Kreativitet (1) kropp (1) Kroppen (2) Kroppsspråk (1) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (3) leikegruppe (1) lek (1) lesestund (2) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (134) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (3) marikåpe (1) mat (63) Matglede (2) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) måltid (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) norsk fjordsenter (1) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (3) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) Oppskrifter (29) Oppstart (1) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) PBL Mentor Kidplan (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (16) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) rollelek (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) samarbeidsutvalg (1) Samling (4) samlingstund (1) sanseaktivitet (1) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) skolestartere (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (2) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (5) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (162) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Sove i hengekøye (1) spinatsuppe (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (9) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) Teikn til tale (1) tema (2) temafest (1) Temaarbeid (9) temaarbeid. (1) Thailand (1) Tilknytning (1) Tillvenning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) trugetur (1) Trygghet (1) trygghetssirkel (1) tur (45) turbingo (2) turist i egen kommune (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (10) Uteliv (7) uteområdet (2) Utetid (5) Utflukt (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (2) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinteraktiviteter (1) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

13.02.2020



SKOGSDYR


"Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv" (KD, s. 53). 


Rammeplanen sei altså at barna skal få kjennskap til dyr og dyreliv i barnehagen, denne kjennskapen får dei  gjennom leik og kvardagsaktivitetar. Den siste perioden har vi på Løvetanna hatt tema om skogsdyr, vi har lært om rev, ulv, bjørn, ekorn, mus, ugle, hare og elg. Når vi introduserer eit nytt tema tek vi utgangspunkt i barna si utvikling og tilpassar innhaldet ut i frå barna sine føresetnadar. Å tilpasse handlar om å legge til rette for at alle barna skal ha glede og utbytte av innhaldet i barnehagen. 



Temaet om skogsdyr varte over fire veker og vi hadde fokus på to dyr i veka. Når vi introduserte eit nytt dyr hadde vi laga små faktabøker der vi presenterte kvart dyr med bilete og tekst. Desse bøkene har vore brukt i samling, i leik og til undring barna mellom. I tillegg til å bruke eigenproduserte bøker har vi nytta andre fakta og skjønnlitterære bøker om dyr. Vi har lært om kvar dyra bur, kva dei et, korleis dei ser ut når dei vert fødd. Vi har sett bilete av spora deira og ekskrementa. 




Som ein del av temaet gjekk vi på sporjakt i nærområdet vårt, det tok ikkje lang tid før vi fann sporteikn! Barna undra seg om det kunne være revespor, eller kanskje til og med bjørnespor!? Tenk så spennande, ein bjørn rett ved barnehagen!



Formingsaktivitetar er noko barna på Løvetanna likar godt, her får dei bruke skapargleden og vere kreativ. Vi brukte sjablong og måla med svamp, dette vart til flotte ulvar. Vi måla også papptallerknar og limte på øyrer, auge og snute. Resultatet vart i følge barna litt skumle, men søte bjørnar!



Som ein del av temaet fekk vi til og med lånt oss eit ekte utstoppa ekorn, dette brukte vi under fleire samlingar, barna fekk kjenne på og studere ekornet. Spisse, skarpe klør slik han kunne klatre høgt i trea, ein pjuskete hale og mjuk pels. Han fekk navnet Nøtteliten og vart ein populær type der han sat på hylla og passa på oss. 



Å kunne samarbeide er viktig og noko vi fokuserar på i kvardagen. Når vi skape noko saman gir det ei kjensle av tilhøyrsle, vi fann ut at vi ville skape noko saman, som vi kunne bruke i leiken vår og alle kunne delta i. Vi gjekk tur i nærområdet og i barnehageskogen, der fann vi materiale til å lage oss eit skogslandskap. På eit lite leikebord festa vi ein duk av filt, så limte vi på både gras, steinar, kvistar og barnåler. Barna var deltakande i heile prosessen og det vart eit populært samlingspunkt i leiken med skogsdyra. 




For å variere litt tok vi temaet med oss ut. Vi laga orientering! For å tilpasse det barna sin alder samtala vi om bileta på morgonsamlinga, før vi tok dei med oss ut å hengte dei opp på uteområdet vårt. Ein ivrig gjeng var med å løyste orienteringsoppgåvene i lag med personalet. Ein spennande og ny aktivitet for Løvetannbarna!


Gjennom dette temaet har barna vore innom fleire fagområde frå rammeplanen. Dei har fått kjennskap til fleire skogsdyr gjennom samtale, leik og utforsking! For å bygge vidare på den gryande interessa for skogsdyr arbeida vi vidare med temaet Hakkebakkeskogen, der barna vert kjend med skogsdyra på nytt, denne gangen som karakterane Klatremus, Mikkel rev, Brumlemann og Bakemester Harepus. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar