Frå statleg hald er det ei auka satsing på internasjonalisering i høve auka kompetanse for tilsette i barnehagar og skular. Det er eit utdanningspolitisk mål at fleire bruker internasjonalt samarbeid aktivt som eit verkemiddel for auka kvalitet og måloppnåing i barnehagen sitt arbeid og satsingsområde.
Livet i barnehagen blir stadig meir internasjonalt, og vi
ser det som viktig å førebu personalet vårt på denne verklegheita. For å møte
framtida må vi investere i å gi barn og personale ei internasjonal orientering.
Tusenfryd barnehage har dette barnehageåret ei ekstra satsing på "Systematisk
og målretta språkarbeid i barnehagen", med særleg fokus på fleirspråklege barn. Vi
har oppretta ei prosjektstilling som «språkpedagog» som no har hovudansvar
for gjennomføring av det systematiske og målretta språkarbeidet. Marita har
allereie starta i prosjektstillinga og er i gang med arbeidet.
Vi ønsker å finne gode måtar å styrke dette
arbeidet på i framtida. Arbeidet med satsingsområdet må sjåast i samanheng med
arbeid med «Tidleg innsats» for å ivareta det aukande talet på minoritetsspråklege
barn i barnehagar og skular.
I barnehagen skal dei tilsette samarbeide tett med alle foreldre. Foreldra er ein viktig ressurs for pedagogen i deira arbeid med fleirspråklege barn. Kvaliteten på det pedagogiske profesjonsarbeidet vert heva når pedagogen får kjennskap til kulturelle praksisar i heimen. Vi må skape ein felles forståing for kva innhaldet i barnehagen skal vere. Pedagogisk arbeid i barnehage artar seg forskjellig i ulike kulturar. Det å sjå og lære meir om andre kulturar sitt syn på barn og barndom, tenker vi er viktig.
Tusenfryd barnehage har i første omgang oppretta kontakt med polske barnehagar som vi skal besøke på ein studietur til Polen i september 2023
Systematisk og målretta språkarbeid i barnehagen
For barnehageåret 23/24 er satsingsområde i Tusenfryd «Systematisk og målretta språkarbeid i barnehagen». Som ein del av dette arbeidet skal det gjennomførast systematisk språkarbeid med alle barn. På Solsikka og Løvetanna (2-5 år) vil ein del av språkarbeidet skje i språkgrupper. Nokre barn vil delta sporadisk, mens andre vil få eit hyppigare tilbod alt etter den enkelte sitt behov.
Arbeidet i språkgruppe vil skje til faste tider og det vil vere Marita som har ansvar for planlegging og gjennomføring av desse gruppene.
Kva er ei
språkgruppe?
- Språkgruppe er ei gruppe med 2-4 barn, som får ekstra språkstimulering saman med ein pedagog.
- Gjennom
systematisk kartlegging og oppfølging vil barna vidareutvikle sine språklege
ferdigheiter og gi det beste utgangspunkt for ei adekvat språkutvikling.
- Tilbodet
i Tusenfryd vil rette seg til barna på Løvetanna og Solsikka, altså barn i
alderen 2-5 år.
Kvifor har
vi språkgruppe?
- For
å styrke barna sine språkferdigheiter.
- Systematisk
språkarbeid vil fremje både ordforråd og språkleg forståing.
- Eit
godt ordforråd gir barna eit betre grunnlag for deltaking i leik, og i all kommunikasjon med andre barn og vaksne.
- Gode
språkferdigheiter vil gi barnet betre moglegheiter til å meistre
skulekvardagen.
Korleis jobbar vi med språkgruppe?
- I gruppene har ein fokus på omgrepstrening, språkforståing, fonologi, munnmotorikk.
- Barnet får delta i morosame aktivitetar som er kjende i barnehagekvardagen. For eksempel ved bruk av språkesker, eventyr, spele spel, lese og samtale om bøker, synge songar, rim, regler, m.m.
- Barnet
deltek i ei språkgruppe saman med andre born, i rolege omgivnader for å kunne ha mest mogleg merksemd på språkarbeidet.
- Dei
tilsette på avdelingane får rettleiing frå språkpedagogen for å kunne
vidareføre aktivitetane på avdelinga der barnet går.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar