På vegen til skulen øver vi på å bevege oss trygt i trafikken. Dette har vi øvd på i fleire år, kvar gong vi har vore på tur, men no er dei sjølve meir bevisste på at det er det vi gjer, og dei er opptatt av å følge reglane.
Vel framme på skulen møter vi både eldre søsken og "gamle" Tusenfrydbarn. Det er veldig kjekt å få leike ute med "gamle" venner og med nye leikeapparat. Særleg var det kjekt med nota og klatreveggen.
Etter ei stund er det klart for mat, og vi har matboks i sekken. Vi er vane med smøremåltid og varm mat i barnehagen. Så det er faktisk litt kult å få ha med matboks. Det er viktig å få ny energi før vi skal i gong med ei ordentlig skuletime.
Når arbeidsøkta startar, arbeider alle iherdig med oppgåvene og viser at dei snart er klare for skulestart. Men det er først etter ein lang og god sommerferie...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar