Opplegget var basert på Norsk smaksskule i regi av Arne Brimi og Norsk Kulturarv og forankret i rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver.
All læring skjer via sansane våre. Derfor er eit velutvikla sanseapparat viktig for optimal læring.
Vi begynte å prate om kor mange sansar vi har og kva dei sansane var. Vi kom fram til at det var fem sansar vi hadde og det var syn, hørsel, lukt, taktil sans (føle) og smak.
Ruth Marit hadde med seg forskjellig som vi skulle få sjå, høre, føle, lukte og smake på.
Det første vi fikk bruke sansane og våre på var sitron! Barna lukta på den først, nokon synest den lukta surt og andre synest den lukta godteri. Til slutt var det smakssansane vi skulle bruke, og då var det mange grimaser som kom fra! "Det var surt!!!"
Så var det potetskrua vi skulle smake på! Det var hardt og lukta salt. Barna skulle tygge den første skruen vanlig og den andre måtte dei tygge medan dei holdt seg for øynene. Etterpå fekk alle servert spekeskinke fra Stranda. Den var også veldig salt på smak men hadde mjuk konsistens.
Då vi skulle smake på noko som var bittert, fekk vi smake grapefrukt. Det var det mange som rynka på nasen av. Men då Ruth Marit strødde søtt sukker på, vart det "nesten godt". Men mange følte behov for å drikke litt vatn for å skylle munnen.
Søt var også den kokte gulrota som vart servert. Den var mjuk og litt varm, og hadde heilt anna smak og konsistens enn den råe gulrotbiten, som knaska godt i munnen då vi tygde den.
Før vi var ferdig med denne sansesekvensen fekk vi smake på noko som verkeleg var søtt, nemleg sjokolade. Det som mange syntes var litt rart, var at den mørke sjokoladen nesten var litt bitter og sterk på smak, mens den kvite var veeeldig søt!
Ruth Marit hadde også tre beger med "hemmeleg" innhald. Boksene hadde små hol i lokket. Desse boksene vart sendt rundt bordet og alle fekk lukte og gjette på kva som var i boksene. Mange kjente att lukta av anis, kanel og kaffibønner.
Etter denne runden med sjerpa sanseapparat, var det mange som rynka litt på nasen då Ruth Marit åpna ei kasse med fersk fisk. "Den torsken lukta veldig fisk! ", var dei ein som sa.
Tusen takk til Klippfiskakademiet og Ruth Marit som tok oss med på denne "sansestunda". Barna var engasjerte og aktivt deltakande heile tida, og alle tok utfordringa og prøvde både å smake og lukte på alle råvarene. No gler vi oss veldig til å reise på førskuletur til Atlanterhavsparken og Kilippfiskakademiet på Tueneset i Ålesund!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar