Førskuletreff for komande skulestartarar er eit viktig ledd i barnehagane sitt skuleførebuande opplegg. Fleire gongar i løpet av vinteren og våren møtast vi for å bli betre kjende med kvarandre på tvers av barnehagane i kommuna.
Skyte på blink med pil og boge, rydde og ordne inne i indianerteltet, sage "ved", sanke grankongle"mat", lage "sjokolade" i gjørmeholet mm er aktiviteter som barna fordjupar seg i med stor iver og innleving.
Aktivitetane i skogen er annleis enn det vi vanlegvis driv med når vi er i barnehagen.. Og sjølv tøffaste indianerane synest det er godt å ha vaksne med seg som er klare til å trøyste, og sette på plaster når ein er uheldige. Det er fort gjort å snuble i ei rot eller skade seg på saga. Men indianerane treng førebu seg til "livet", og då må det øvast...
Så snart maten er fortært, er indianerane klare for nye utfordringar.
Nye og gamle vennskap, leik og moro, mange utfordringar, prøve nye aktiviteter og samlast rundt leirbålet til sang og mat....Ein kjekk og minnerik dag i indianerskogen. ... Og ein fornøgd gjeng med førskulebarn takkar for denne gongen. Snart møtast vi til nytt treff og nye aktivitetar.
Denne gongen var det Tusenfryd sin årlege indianerfest som sto for tur.
I fleire dagar har førebuingane med innkjøp og pakking av utstyr som vi kunne trenge, føregått i førskulegruppa. Når ein inviterar over 50 barn og 10-12 vaksne på indianerburgere i skogen, treng ein litt utstyr.
Allereie tidleg på morgonen er Ina og Marianne på plass i skogen for å gjere alt klart til storinnrykk.
Då klokka nærmar seg 1030, samlar alle seg i Tusenfryd barnehage, og legg i veg oppover mot indianerskogen.
Lyden av indianerfølget sine glade, høglydte, vennligsinna rop spreier seg snart innover i granskogen.
Så snart følget er framme, er dei små, ivrige indianerane i full aktivitet
Skyte på blink med pil og boge, rydde og ordne inne i indianerteltet, sage "ved", sanke grankongle"mat", lage "sjokolade" i gjørmeholet mm er aktiviteter som barna fordjupar seg i med stor iver og innleving.
Aktivitetane i skogen er annleis enn det vi vanlegvis driv med når vi er i barnehagen.. Og sjølv tøffaste indianerane synest det er godt å ha vaksne med seg som er klare til å trøyste, og sette på plaster når ein er uheldige. Det er fort gjort å snuble i ei rot eller skade seg på saga. Men indianerane treng førebu seg til "livet", og då må det øvast...
Etter mykje leik og "arbeid" er det klart for å samlast rundt bålet, der indianerburgarane er steikte og ligg klare for servering. Magen rumlar medan vi syng ".. Ein og to og tre indianere.."
Når maten blir servert senker stilla seg i forsamlinga. Fornøgde indianerar konsentrerer seg om mat og drikke....
Takk for besøket til alle som kom til Tusenfryd sitt førskuletreff!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar