Etter ei lang utestund i regnet oppdaga nokre barn at det renn vatn her og der. Vi må lage vannrenne! Som sagt så gjort. Det vart full aktivitet der dei hadde eit flott samarbeid. To som gravde og lagde spor i sanden, og tre som henta vatn i bøtter.
Å nei no renn vatnet feil! Kva gjer vi då? Vi må legge meir sand der! Og der! Vi må lage høgare støttemur!
Dette vart ein kjekk aktivitet der konstruksjon og samarbeid var i fokus.
Og jaggu vart det vannrenne på bordet då vi kom inn att, og praten om prosjektet gjekk ivrig ved måltidet også 😊
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar