I dag møtte Tusenfryd-,Trollhaugen- og Helstad barnehage i Stranda idrettshall, der Ringstad barnehage tok imot oss til sitt førskuletreff.
Det er alltid litt spent stemning før vi reiser fra barnehagen. Vi veit jo ikkje heilt kva det er som venter oss...
I dag hadde barna med seg eigen sekk med drikkeflaske og gymsko. Og det var ein glad og ivrig gjeng som gjekk nedover bakkane med sekk på ryggen.
Då vi kom til hallen, hang det plakat utanfor, som vi i samarbeid lyderte oss fram til.. "Velkommen til førskuletreff"..sto det.
Etter å ha lagt klea på tilviste plassar, gjekk vi inn i den store salen. Der hadde barn og vaksne ved Ringstad barnehage laga mange kjekke stasjonar. Her var alt klart til 2,5 timar med fysisk aktivitet og sosialt samvere.
Det var ein sliten men glad gjeng som gjekk, veeeeeldig rolig oppover bakkane til Tusenfryd barnehage.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar