Februar er ei fin tid for spennande naturopplevingar. Ein treng ikkje dra på polferd, for å føle seg som ein "polfarer". Det er spanande og fysisk utfordrande å gå på tur i djup snø, oppover og innover i skogen. Snøen rekk innimellom barna langt opp på kroppen.
Sakte men sikkert nærmar dei seg målet for turen. Stillheita som for ein augneblink sidan råda i skogen, er erstatta med glade barnestemmer. Det er godt å vere framme. Dei vaksne hjelper til med å opne opp dressane til dei som er varme, og riste snø ut av luer og nakkekragar på dei som treng det.
Barna gjeng på oppdagingar rudt i skogen.
Snart har dei vaksne trolla deilig turmat og drikke ut av sekkane. Det er ei spesiell stemning når ein sit inne i skogen og et nistemat, og snøen dalar lett utanfor gapahuken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar