Det er fredag formiddag og fellessamling. I denne samlinga møtest store og små på huset, på ei av avdelingane. Denne fredagen var det Løvetanna sin tur å ta i mot besøk. I desse samlingane prøvar vi å knytte innholdet til det vi har som tema på dei ulike avdelinga. Vi syng songar knytt til tema og innimellom har vi litt dramatisering. Det er alltid populært, og litt skummelt for enkelte.
-"D e du, Lene??", spør dei med litt usikkerheit i tonefall og kroppsspråket.
Eg nikkar bekreftande.....
-"Ja, d e du", smiler dei tilbake og er litt spente.
På Løvetanna har vi "Dyrene i Hakkebakkeskogen" som tema. Kva passar vel ikkje bedre då enn å få besøk av Klatremus som song og spelte så "fint" på gitaren sin.......
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar