Førskuleborna går i garderoben og sett seg fint på benkane. Dei gjer seg klar til samling.
No er det snart skulestart, dei veit vi øver på å sitte fint.
Er det sol, regn, overskya eller vind?
Vi diskuterar kva vi skal ha på oss i utetida.
Gleda er stor når det blir jakke og sko!
Fint vêr idag!!!
Å trekke kalender er førskuleborna ekspertar på.
Dei har øvd på dette, dag etter dag i mange år
Vi syng litt og eg fortel om då eg var lita.
Om nissen som bygde dukkehus til meg.
Om at det var Barne -tv kun kl 18 og om at i'pad og mobil-telefonar ikkje fantes....
-at det gjekk an?
Kjøkkenhjelpa på 4 år visar seg i døra.
Tommel opp, frokosten er klar.
Borna stiller seg i kø ved vasken , og med reine fine hender går dei skule-klare borna til måltid.
Barnehage-dagen er i gang.
Ny dag, nye gleder !!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar