Januar månad er ofte forbunde med mykje sjukdom, og tidligare år har vi sett at influensa, spysjuke og feber er noko som barn og vaksne ofte har blitt sjuke av i denne perioden på året. Hausten 2013 starta vi opp med eit hygieneprosjekt her i Tusenfryd som gjekk ut på at alle barn og vaksne skulle vaske hendene sine når dei kom i barnehagen om morgonen før dei byrja å leike på avdelinga, og gjerne med ein gong dei kom heim på ettermiddagen også. Det vart sett i gang andre tiltak også, men dette var eit av dei tiltaka som barna vart direkte knytt inn i mot.
Dette blei gjort i tråd med Folkehelseinstituttet sine anbefalingar om å vere flinke med god handvask, og ikkje ta i bruk meir handsprit. Ein god handvask kan ikkje erstattast av handsprit.
Det som vi kan sjå no er at sjukefråværet blandt barn og vaksne har gått ned og vi har ikkje lenger desse store epidemiane som vi kunne ha tidligare år i same periode.
Ros til flinke foreldre som huskar på dette ein tidlig morgon når dei leverar barna sine! Og dette er noko som vi vil halde fram med og håpar at vi kan fortsetje å halde sjukefråværet nede.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar