Vi traska oss opp over og det var tungt... Men plutselig så ser vi at handa til han Olaf stikk opp av snøen, oi! Er han her? Barna er veldig ivrige, og plutselig utbryt ei av jentene: E ser gulrotnasa til Olaf oppe att med ditta treet der!! Voksne som barn blir veldig ivrige, og vi traskar oss vidare opp mot skogen for å sjå om Olaf eller Elsa kanskje kan vere i skogen vår.
Vi kom oss endelig opp!! Kjekt og utforske skogen når det er så mykje snø!! Nokre av barna oppdaga spora frå sleden til Kristoffer og dei såg fotspora til han Svein, og dermed var Frost leiken allereie i gang :) Det kom nokre vindkast når vi var i skogen også og nokre av jentene var heilt sikre på at no var det ho Elsa som brukte ismagien sin!
På tur ned igjen måtte vi stoppe og ake litt, og det virka ikkje som nokon var slitne etter dagens slite tur då.. :)
Vi bestemte oss raskt for å prøve å bygge opp Arendelle sitt landskap for å kunne gi barna ein plass dei kunne leike med figurane på. Dette blei eit omfattande formingsprosjekt som vi framleis jobbar med, og det har vore fleire ulike fasar gjennom dette prosjektet. Der vi starta med å bygge det opp med kasser og hønsenetting. Deretter fortsatte vi med å lage ein slags pappmasje med avispapir og tapetlim. For så å dekke det med gips for å til slutt å male det i dei fargane vi ønskja.
Gipsing på gang!
Isslottet til Elsa har kome på plass og vi har fått laga borga som Elsa og Anna budde i. Og barna har laga til dei små trolla som var familien til han Kristoffer.
Dette har virkelig vore eit tema som har fenga både gutane og jentene, og vi ser at alle har fått ein felles forståing for kva dette temaet har innehalde. Barna syng "La den gå" av full hals på avdeling og vi ser at barna leikar karakterane og lever seg veldig inn i denne frost verdenen. Vi skal fortsetje litt til med dette temaet og skal avslutte det med ein fantastisk Frost fest som vi gler oss veldig mykje til. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar