Med ein god dose optimisme, la vi ut på tur, i håp om å i alle fall finne ei blåbær. Før vi tok laust, måtte vi selfølelig synge "Blåbærturen" av Alf Prøysen. Men det var nok ikkje som i sangen; "...det er nok og ta av, det er manger tuer der". Ikkje ei einaste blåbær var å finne. Men vi fant litt tyttebær og nokon drista seg til å smake på rognebær. Det fall ikkje så veldig i smak. Vi fann også ei maurtue vi studerte, men det blei brått slutt. Plutselig var vi fulle av maur. Det var ikkje heilt det samme å ha dei på seg, så å ha dei litt på avstand...
På veg tilbake til barnehagen gjekk vi forbi ei gravemaskin. Den var det umulig å gå forbi uten å stoppe opp å sjå på. Med store auge og stor begeistring, vart vi ståande å studere.
Sjølv om turen ikkje blei heilt som planlagt, vart i alle fall nokon av barna, nokre opplevingar og erfaringar rikare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar