Barnet som skal venne seg til å vere i barnehagen treng vaksne som er sensitive overfor barna sine signal og behov, og som gir barnet respons som er hensiktsmessig og forutsigbar. Små barn treng personale i barnehagen som er villig til å inngå i nære, varme og stabile relasjonar til dei.
Foreldrerolla vil vere å hjelpe barnet med å etablere kontakt med, og knytte seg til sin kontaktperson. På den måten får barnet eit signal frå foreldra om at denne personen er ein god erstatter for dei medan dei og barnet er adskilt. Dette gjer separasjonen frå foreldra enklare for barnet.
Barn som slit med at foreldra må gå har behov for tydelege tilbakemeldingar om at no må mor eller far gå, men at dei kjem tilbake til avtalt tid og hentar dei. Regelmessige rutiner gir ein følelse av trygghet og forutsigbarhet. Dersom foreldra gir uttrykk for usikkerhet rundt det å gå ifrå barnet sitt, eller er uregelmessige i forhold til henting, kan det komplisere barnets eigen atskillelesesprosess.
Kvaliteten på den emosjonelle tilgjengelegheita i personalet har stor betyding for barns sekundære tilknytingsprosess. Tilknytinga skal gi barnet eit godt utgangspunkt for læring, utvikling og trivsel i barnehagen (Barnehagefolk nr2, 2010).
Å sete på fanget i ein trygg armkrok er godt for barnet i tilvenningsprosessen. Å berre vere der for barnet og gjere minst mogleg av andre ting skaper ei trygg ramme og ei god tilvenning.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar