I det eg kjem inn på kjøkkenet onsdag morgon, høyrer eg eit jubelrop: "I dag er det min tur til å vere kjøkkenvakt, jippi!!"
I barnehagen vår er det rift om å få vere med dei vaksne på å tilberede maten og å dekke bordet. På alle gruppene er det stor stas å få hjelpe til. Utan at barna er bevisst det, er det å dekke bord ein kjekk leik med matematiske omgrep, ved t.d. å telle kopper og bestikk og tilpasse antal stoler til bordet.
Dei vaksne er bevisste på å sette ord på alt dei gjer, og på den måten utvide barna sitt ordforråd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar