I dag har vi vore på tur til Indianerskogen vår for å sjekke forholda, og korleis det står til med skogen vår. Barna er sjølv opptatte av korleis det står til med skogen vår og at vi tek vare på naturen rundt oss på ein god måte. No er det ei lita stund sidan sist vi har vore der og forventningane til korleis det såg ut der no var store hos barna.
Nokre testa ut balansestokkane, mens andre synes at det var spennande å fiske frå brua.
Gapahuken vår hadde klart seg godt gjennom vinteren, og fleire av barna nytta sjansen til å klatre litt i klatrenettet ved sidan av.
Taustigen og dissa vår vart godt brukt på turen. Mens nokre andre sjekka ut kor det stod til med resten av området vårt. Litt vått og litt snø var der framleis.
To gutar fant seg pil og bue og fekk øvd desse ferdigheitene også.
Barna studerte og såg seg rundt når dei var i skogen i dag, og mange små kommentarar kom frå barnemunn i dag om at det var litt vått her i dag. Og at tipien vår hadde blitt litt ødelagt, men vi fiksa den litt. Mange spennande observasjonar blei gjort denne formiddagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar