Påskeførebuinga på Solsikka har romma både påskeharar, kyllingar, egg og formidling av den kristne påskebodkapen.
På fellessamlinga, på fredag, kom ei skikkelig verpesjuk høne på besøk.
Onsdagen før påskeferien bakte barna deilige rundstykke, og vi hadde påskelunsj med ekstra godt pålegg på bordet. Vi laga til langbord mellom avdelingane, og hadde stor felles lunsj.
Påskeharen dukka også opp utanfor vindauget. Han kom ikkje inn, men la att eit stort påskeegg ute i hagen.
På fellessamlinga, på fredag, kom ei skikkelig verpesjuk høne på besøk.
På torsdag gjekk solsikkebarna tur heilt ned i sentrum, og fekk gå inn i kyrkja og sjå seg om. Etter kyrkjebesøket gjekk vi på Fløten og leika oss.
Vi ønsker alle ei god påske!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar