På Løvetanna, avdeling for 2-3 år, bruker vi no Brillebjørn som overordna tema. Dette syns barna er veldig kjekt og dei gleder seg til samlingsstundene med Brillebjørn.
Å bruke overordna tema, brukar å vere positivt for barna på Løvetanna, vi skaper forutsigbarheit og tryggleik ved å nytte noko kjent over lange periodar.
Vi bruker både bøker, bamsen og film/serie.
Brillebjørn-bøkene tek opp aktuelle tema som det å gå i butikken, bli storebror,
vere sjuk, gå i bursdagselskap og liknande.
Til alle bøkene lagar vi eigne ASK- plansjar som bildestøtte. Desse blir ei forsterking av innhaldet og ei støtte for barna når vi samtalar om boka både i forkant og i etterkant av samlinga.
- og samtalar blir det! For dette er tema som barna kjenner seg igjen i.
I Tusenfryd brukar vi ASK bildekommunikasjon til alle barn og i så mange situasjonar som mogeleg i løpet av barnehagedagen. Vi tenker at dette er bra for alle som "lærer" språk og som treng støtte for å kommunisere med andre. Det kan vere en styrke for barn med normal språkutvikling, for dei med fleirspråkleg utvikling og for barn som av ulike grunner trenger støtte til å forstå eller å uttrykke muntleg språk i samspel med andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar