🌿🍇🍓🦟🐜🐞🐌🐛🐝🌸🍏🍅🥒🥔🌶🍆🥑🥦🥕🌽🍠🧄🧅🍊🥬🧄🍌🍀🎋🐛
Dei aller fleste som skal anlegge ein kompostbinge, plassere denne i ein utkant av tomta, gjerne litt skjult bak andre vakre plantar og buskar. Slik er det ikkje i barnehagen vår! Her er komposten sentralt plassert ved inngangspartiet vårt, slik at det skal vere lett å sjå og å følge med på det spanande som skjer der.
Komposten er eit kjempespennende naturfagsprosjekt.
Kvar dag vert restar og skrell av frukt og grønsaker samla i matavfallsbøtta før vi ber det ut i kompostbingen vår. Barna heng ofte over kanten og grev med pinnar for å finne småkryp, undersøke og undre seg over prosessen i kompostbingen.
🐌🐜🐞🕷🦟🐛
Her kan vi følge med på nedbrytingsprosessen gjennom veggen av pleksiglas.
Her finn vi både makkar, edderkoppar, skrukketroll, biller og tusenbeinar.
🐛🐝🐌🕷🐞🐜
Det er bra og viktig for barna å sjå og lære om kretsløpet av energi og næringsstoffer, for å sjå korleis matavfall kan bli til jord og lærer å dyrke den jorda. Vi gler oss til hausten, då gulrøtter, poteter, purre og andre grønsaker skal haustast og brukast i grønsaksuppa vår.
På denne måten erfarer barna korleis våre matrestar vert omdanna til matjord som vi igjen kan bruke når vi skal dyrke ny salat og nye grønnsaker i drivhuset vårt.
I dag tilberedte Maria eit deilig sommer-festbord til oss. På bordet sto det mellom anna sjølvdyrka salat og tomatar.
Maten smakar ekstra godt når vi har vore med å dyrka den sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar