Vi er så glade for alle dei engasjerte og dyktige foreldra vi har her i barnehagen!!!
Det er haust og her i barnehagen betyr det at vi gjennomfører ein haust dugnad der vi må få gjort unna ein del vedlikehald som eit slikt stort bygg krev, og ein del vedlikehald på uteområdet. Men det vart også tid til å starte på litt nye prosjekter. Og er det noko både barn og personale her i barnehagen er glade i så er det når vi får nye og spennande ting å utforske.
Vi måtte i vår fjerne den gamle sklia vår, og det vart bestilt inn ei ny slik at vi framleis skulle få ha denne typen leik. Det som er så utrulig kjekt er at når vi sett i gang med slike prosjekt er at der er så mange ivrige og engasjerte foreldre som har gode idear på korleis vi skal løyse dette. Vi hadde ei skisse som vi tok utgangspunkt i, men det var mykje opp til foreldra om korleis vi skulle utarbeide den i forhold til terrenget.
Og ein kan ikkje sei anna enn at det vart 100 gongar betre enn kva vi hadde sett for oss. Det manglar framleis eit tak og nokre små ting, men det har endra mykje på uteleiken til barna allereie! Det vart ikkje berre ei sklie denne gongen, men det vart eit heilt leikemiljø.
Dette er starten på eit større prosjekt når det gjeld uteområdet vårt, vi held på å utbetre og skal gjere ein del endringar i åra framover.
Dette er starten på eit større prosjekt når det gjeld uteområdet vårt, vi held på å utbetre og skal gjere ein del endringar i åra framover.
I Tusenfryd er vi så heldige at vi har ho Maria som kjøkken assistent, og vi har lenge vore inne på tanken at det hadde vore spennande å hatt eit drivhus der vi kan få følgje utviklinga frå frø til plante. Vi har tidligare hatt pallekarmar med ulike grønsaker ned i. Desse flytta vi til ein ny plass, og laga no plass til å kunne få kjøpe inn eit drivhus.
I den forbindelse ønskja vi få bygd ein mur og satt opp platting der drivhuset skal stå. Og det kan verke som at desse foreldra her tek alt på strak arm! Vi kan ikkje sei anna enn att vi er mektig imponert over den innsatsen som blir lagt ned og kor utrulig fint det blir :)
I den forbindelse ønskja vi få bygd ein mur og satt opp platting der drivhuset skal stå. Og det kan verke som at desse foreldra her tek alt på strak arm! Vi kan ikkje sei anna enn att vi er mektig imponert over den innsatsen som blir lagt ned og kor utrulig fint det blir :)
Vi gler oss til å kunne utvide heilhets tenkinga vår med at vi kan dyrke ulike planter og grønsaker sjølve, som Maria kan bruke i alle dei gode matrettane ho lagar til barna våre. Og selvfølgelig at barna kan få vere med på å sjå på prosessen fra frø til plante/grønsak. 🍅🥔🥒🌶🥬🥕
Tusen takk til gjengen som har stått på for ungane og barnehagen vår, vi er utrulig heldige 👏👏🤗
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar