Då nokre av barna vart litt lei seg over å ikkje få vere med løvetanna på tur, bestemte vi oss for å ta oss en liten tur til fots i gata bak barnehagen. Her er det lite trafikk og det føles trygt og godt å kunne bevege seg litt fritt der.
Det var små ivrige kropper som tassa rundt og såg seg undrande omkring på det «nye» landskapet som openbarte seg. Dei fann mykje som dei ville ta og føle på, og ansikta lyste av glede over å finne små skatter som ein Stein, ei kongle, ei grein eller ein pinne. Fingrane fann også opningar i gjerdet som dei kunne utforske og undre seg over. Papirdunkane og plastsekkane fanga også interessa til nokre av dei små.
Rett før vi var tilbake ved barnehagen kom det også ein kjælen pus. Nokre syns den var litt skummel medan andre ville prøve å nå tak i den.
Små barn bruka sansane sine på heilt andre måtar enn vi vaksne ofte tek oss tid til å gjere. Dei kjenner på, smaker på og lukta på ting for å gjere seg kjende med det vi omgir oss med. Dei var ivrige etter å vise fram det dei fann, og la sikkert merke til mykje som vi vaksne sikkert ikkje hadde sett om vi var åleine på tur.
Sjølv om dette kan virke som ein liten tur sett i vaksne auge var den full av nye opplevingar som vi kunne samtale og undre oss over. Og det var ein akkurat passeleg tur til å bli litt sliten før mellommåltid og soving

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar