Det er viktig for alle å få litt ro og kvile i løpet av ein lang dag. Vi prøver å vere flinke til å legge til rette rolige stunder inni mellom andre aktivitetar.
Då øver vi oss på yoga med stor mjuk matte og rolig yogamusikk. Anna er kjempeflink å lære frå seg fordi ho har gått på yoga tidligare. Litt vanskelig i starten, men alle får det til etter kvart. Dukkene får også vere med! Og så blir ein litt trøtt og avslappa også😉
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar