Humlegruppa har i fleire veker hatt fysisk aktivitet som tema, med hovedfokus på turn, dans, hinderløype, barneyoga og karneval.
Vi ser barna har hatt stor glede av å teste ut kroppskontrolllen, og viser gladelig det dei kan! 😊 Nokon er god til å stå på hendene og lærer det til andre som også vil kunne det. Nokon er veldig tøyelig, andre sterke og nokon har god balanse. Det har vore interessant å diskutere og undre oss over korleis vi er lik på nokre områder og ulike på andre, og at vi har ulike interesser og styrker.
Vi har sett på ulike typar dans og hørt på korleis musikken er til dei ulike dansane. Vi har prøvd ulike instrument og vi har sjølvsagt prøvd å danse også! 😃💃🏻🕺🏻
Jente 4 år: «når eg blir stor skal eg danse jazz-dans»
Gutt 5 år: « breakdance er kuuult»
Vi har hatt ein fantastisk vinter med mykje fin snø og ake på. Ein av dei finaste turane våre var på knutmarka i nypreppa løype og heile bakken for oss sjøl 😃
Fysisk aktivitet handler ikkje berre om stor aktivitet, men også om ro og kvile. Vi har prøvd mindfullness og hører flittig på mindfullnessmusikk under måltidet, i frileiken og når vi har formingsaktivitet. Musikk får ikkje bere dansefoten til å vrikke, men kan også virke beroligende for kropp og sinn.
Vi har brukt hand —og fotavtrykk til å lage ulike bilder, og ellers stimulert finmotorikken med blandt anna formingsaktiviteter.
Vi har også holdt på mykje med ulike hinderløyper og aktivitetsløyper
Eit av måla våre var at barna skulle få oppleve glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, både inne og ute, og det trur eg vi har klart 😃👍🏻
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar