I går bestemte vi på løvetanna oss for å ta ein skikkelig utedag! Veret skulle vere bra, så alt låg an til ein fin utedag. Maria handla inn det viktigaste; pølser, pølsebrød og kakao!
Kl 11 var vi på veg ut for å lage til bålpanna. Dei minste måtte sove litt, så vi hadde god tid til å ake i akebakken først. Føret er veldig bra no, så vi fikk skikkelig god fart💨💨
Isabell laga kjempegod kakao som varma godt i små kroppar.
Etter lunsjen var det stemning for å vere lengre ute, så det var vi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar