I matlaginga i lag med barna får dei delta i oppmåling av ingrediensane, og på den måten får dei forståing for at mengdene av det vi bruka er viktige for både smak og konsistens.
Når vi held på rundt bordet går praten og det blir ofte diskusjonar på kva dei lika og ikkje lika. Ved å lage litt mat frå bunn av vil vi prøve å få fleire til å smake på nye ting. Når dei er med å lage sjølv kan det bli meir interessant å smake fordi dei har vore med på heile prosessen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar