I barnehagekvardagen er det mykje vi vaksne planlegg å gjere eller snakke om med barna. På førehand ser vi ofte for oss måter å gjennomføre dette på som vi håper skal vere både spennande, lærerikt og utviklande.
Men i ein barnehagekvardag veit vi at uansett kor godt vi planlegg, så kan samtalen og planen for dagen gå i ei heilt anna retning. I dag var ein slik dag 😄😅
Som lyn frå klar himmel seier plutseleg "Kaja" 4 år at mamma blør fra tissen.
"Hæ!?" Svarer dei andre barna.
Eg fortalte at det er heilt normalt at damer blør, så prøvde eg (litt hektisk) å lese meir fra boka, men barna var ikkje klar for lesing no.
"Begynner eg også å blø når eg blir stor!?" Spør "Vibeke" 4 år fortvila. Eg seier at alle damer blør av og til, det er ikkje farlig, det er berre for å skylle ut egget i livmora som ikkje har blitt til en baby....
Utover dagen kjem dette samtaletemaet opp fleire gongar, og eg bestemmer meg for at her må vi lære litt meir om kroppen.
Vi fann ei fin bok med bilde og tekst som lærte oss kva som skjer inne i kroppen til damene, om korleis barn blir til og kvifor damene av og til blør. Vi valgte å informere barna på deira premiss og avdramatisere og ufarliggjere eit tema som er så naturleg, men alikevel litt tabubelagt.
Lykke til med dagens samtale rundt middagsbordet ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar