Ein snøfattig vinter har det vore i vinter og skiveka i barnehagen har latt seg vente på i år. Men i helga kom der eit lite lag med snø og vi bestemte oss raskt for å prøve å gjennomføre skiveka no.
Store og små på Solsikka hadde med seg langrennski i dag tidlig når dei kom i barnehagen, og mange spente og forventningsfulle barn fortalte ivrig at dei gleda seg til vi skulle gå på ski etter frukost.
Som mange av bilda tyder på var det ikkje mykje snø å gå på, men vi hadde ei veldig kjekk økt ute. ❄️❄️ Vi håpar på at vi kan få behalde det lille vi har av snø no dei neste dagane slik vi får arrangere skidag også 😃
Nokre var som Marit Bjørgen der dei sette avgårde i litt av eit tempo i løypa, mens andre kosa seg prata litt med sidemannen mens dei gjekk avgårde.
Tolmodige vaksne som støtta og oppmuntra når det var litt vanskelig med ski som kryssar seg gjorde dette til ein god opplevelse for mange.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar