Vi har mange fine stunder på
sanserommet, som er eit eige rom på småbarnsavdelinga.
Sanserommet skal være eit
rom der vi kan kontrollere sanseinntrykka og vi kan tilrettelegge etter ulike
behov. I ein hektisk kvardag kan det vere godt for barna å få trekke seg
tilbake inn i eit rolig rom som kan redusere stress og kaos.
Dette er eit rom der dei kan
sjå, føle, lytte og utforske dei ulike
elementa som er der.
Boblerøret skiftar farge i
rolig tempo, ein kan kjenne strømningane inni røret, høyre suset fra boblene og
det er svalt å ta på.
Prosjektoren
lager et bevegelig bilde i forskjellige fargar på veggen. Bilda som
prosjektoren vår viser, er av ulike fiskar.
Teppet med
fiberoptisk lys, skiftar fargar og gir ein lun og god følelse av rommet.
Dei fiberoptiske lystrådane kan
ein ta på, holde, fange og føle.
I sittesekken kan ein sitte å studerer dei ulike elementa og ta innover seg dei ulike sanseinntrykka i rommet. Eller å hoppe opp i og kjenne at ein forsvinn litt nedover i sekken.
I sittesekken kan ein sitte å studerer dei ulike elementa og ta innover seg dei ulike sanseinntrykka i rommet. Eller å hoppe opp i og kjenne at ein forsvinn litt nedover i sekken.
I tillegg har vi store speil som reflekterar
dei ulike fargane i rommet, og som det er kjekt å studere seg sjølv i.
Med sanserommet ønsker vi at
barna skal kunne få bruke sansane i eit rolig miljø. På denne måten får ein
brukt sansane optimalt utan andre forstyrrelsar for hjernen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar