I det eg kjem inn ytterdøra til barnehagen, hører eg dei opprørte utbrudda til "Iver"og "Marius". Dei kjem mot meg og snakkar i munnen på kvarandre. Då eg ser forbi gutane, og bortover i gangen, skjønar eg.. Nissen har altså vore her i helga og hatt det moro med sine nissestreker!! Eg ser barna sine korger med skiftetøy strødd rundt omkring.
Mens eg snakkar med dei to opprørte 4-åringane, låser eg opp kontordøra mi. Gutane følger hakk i hel medan dei pratar i ett sett. I det vi slår på lyset, ser vi det..
Inne på kontoret har nokon dekka fint opp for tre. Men her er det berre restane att. Vi kan sjå at nokon har spist ( og rota utover) julemanna, kaffi og sjokolade.
Her har det vore fest! - og det er pynta fint med laaaange lenker av binderser og julekuler. Dette har dei brukt tid på å lage... eit skikkeleg nisseverksted?
Ikkje før har vi fått att munn og fæle, så kjem lille Julie på 3,5 år farande inn kontordøra , og ber oss komme å sjå!
Vi følger etter ho inn på Solsikka. Der står barna rundt juletreet.
Hææææ!!!! Nei no altså!! Utbryt Marius. For der på juletreet heng det altså boxershorts i alle regnbuens farger...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar