Kvar torsdag har vi førskulegruppe, og den første gangen var det nesten litt vanskelig å sitte stille fordi det var så spennande å endelig skulle få vete kva førskulegruppa eigentleg driv med. " Får vi bok" " Får vi perm?" "Eg veit at vi må rekke opp handa når vi skal på skulen!" Det var mange spørsmål og mange konstanteringar som kom på rad og rekke.
I løpet av hausten har vi no hatt fleire kjekke førskuletimar der vi har jobba med å skrive namnet vårt, sjå på korleis familien vår er, korleis ser eg ut, korleis vi bur og vi har hatt gode samtalar om likheit og ulikheit.
Og vi har endeleg fått jobba i boka vår, Trampoline. Der har vi sett på bokstavar, rimeord, stavingar og ulike mønster.
Det er djup konsentrasjon når vi gjer oppgåver. Nokre syns det er enkelt og blir raskt ferdig, medan andre treng litt tid og hjelp for å få det til. Men alle blir fornøgde til slutt!
Det er kvar sin gong å seie ett ord som vi deretter klapper stavelsane til. Når vi har klappa og talt kor mange stavelsar det var i ordet, får barnet som sa ordet ta riktig antal klossar og bygge på duplotårnet. Det vart ganske høgt før vi saman blåste det overende.
Her leita alle opp sine bokstavar og set dei saman til sitt namn. Nokre har det enkelt med få bokstavar, medan andre har fleire bokstavar og litt større utfordring. Men alle var flinke og dei som var ferdig først hjalp gjerne dei andre, eller dei begynte å leite etter bokstavane til etternavnet sitt.
Vi i førskulegruppa er også så heldige at vi får reise ned til skulen på bading. Tre barn og to vaksne reiser ned ein dag i veka og kosa oss i det varme bassenget.
Dette er fin trening der barna blir trygge på å vere i garderoba og i bassenget før dei skal starte med bading i 1.klasse. Nokre er allereie trygge og hoppa lett ut i vatnet, medan andre treng litt tid.
Det er mykje å halde styr på og hugse i garderoba også så det å få øve seg på dette er nok ein stor fordel for dei.
I tillegg til at det er veldig kjekt får ein også god kontakt med barna når ein er så få i lag.
Når vi er i bassenget treff vi også førskuleborn frå ein anna barnehage og ein blir litt kjende med andre som ein kanskje skal gå i klasse med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar