I haust har vi på løvetanna hatt tema "vatn" i snart fire veker.
Vi har snakka mykje om kva vi brukar vatn til, kor vi kan finne vatn og kva former vi finn vatn i.
Vi har gått turar for å sjå på elvar i forskjellige størrelsar, laga vannrenne av plastflasker, kokt vatn for å sjå kva som skjer med vatnet da, fryst vatn i hanske, leika med vatn og kjent kor kald og glatt ein isklump er, måla og laga bilder av skyer og regndråpar.
Vi har sunge sangar som
-Se regndråper faller fra skyen ned
-Huttemegtu for et plaskevær
-Regn regn gå din veg, sol sol kom igjen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar