På avdelinga for 2-3 åringane har vi Ole Brumm som tema. Og i den anledning har vi printa ut og laminert eventyr av Ole Brumm, så barna skal få lese i det og bli lest for. Laminerte bøker tåler ein støyt og er midt i blinken for barn i 2-3årsalderen. For barna i denne alderen blir gjerne så glade i bøkene at dei gjerne vil ha med seg bøkene rundt omkring på avdelinga.
Barna har på kort tid fått god kjennskap til karakterane i hundremeterskogen og synest det er kjekt både å høyre om dei og å synge sangane om dei. Vi har også bilete av karakterane på veggen og har bamsar av dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar