Sjølv om det ikkje er langt fra barnehagen og opp fikk dei sitte i vogn opp til skogkanten. Spente var dei, og dei lurte veldig på kva vi skulle og når vi var framme. Det var litt tungt å gå opp bakken og nokre var ferdig allereie etter eit par skritt. Vi hadde med bæreselar så dei minste kunne få kvile seg litt på ryggen, men dei aller fleste var veldig motiverte og sprang opp!
Dei syntes det var stor stas å sjå alt det spennande skogen har å by på. Vi studerte maur, pinner og kvistar, og vi undra oss litt over kven som bur i skogen. Både bjørn, løve og katt blei foreslått, men vi såg ingen av delane i dag.
Endeleg framme! Masse kjekke ting å utforske her også, og det er kjempefint for dei små å få bevege seg i terrenget. Indianerskogen er eit inngjerda område, og er godt tilpassa borna i barnehagealder. Vi fikk prøve både klatring, disse og balansering.
Vi hadde med oss havrekjeks og frukt som vi åt etter at vi hadde leika ei stund, og jammen får ein god matlyst ute i naturen! Når måltidet var over var det tid for litt jobbing, så vi laga oss ein stellestasjon på ein benk slik at dei som trengte nye bleier fikk det. Etter nokre bleieskift og med mett mage begynte trøttheita å sige på, så vi pakka sekken og sette kursen ned igjen til barnehagen.
Ein herleg tur, med motiverte små turgåarar! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar