Endeleg var det førskulebarna sin tur til å reise på gårdsbesøk. Gården vi skulle besøke låg i Hornindal på Seljeset, og er foreldra til Ina Kristin sin. I forkant av besøket skreiv barna brev til Anne Grete og Lars (foreldra til Ina Kristin), der dei spurte om det passa at vi kom på besøk mandag 13.juni, det passa og vi var hjertelig velkomne.
Denne dagen har barna sett fram til ei stund og dei har vore spent på korleis det ser ut der Ina Kristin bor. Barna kom til barnehagen med fullpakka sekkar med niste, drikkeflasker og fjøskle. Rundt frukostbordet var det mange spørsmål og undringar om dagens utflukt, maten gjekk fort ned og barna var veldig klare for tur.
"No er Ingers Trans komt!!" ropte barna og forta seg med å få på seg sekken, og smatt ut døra med bilsete i handa. Då vi var vel inne i maxitaxien, satte vi kursen mot Hornindal og på veg dit var der mange dyr å sjå langs veikanten. Vi såg geiter, hestar og sauder som var komt ut for sommaren. "Ååå! sjå der framme, det er geiter midt i vegen!!", "taxi! du må stoppe!" ropte barna "koffor går dei midt i vegen?" lurte dei på. Vi undra oss litt og fann ut at det måtte være fordi dei skulle ut på beite.
Når vi kom inn i fyrste tunnelen satt sjåføren på lyset i taket "disko, disko, disko" sa barna og begynte å danse og le. Ute av tunellane var vi komt til Hellesylt "det er her ditta fjellet som kan dette ned er!" var det eit barn som sa.
"Kor lenge er det til vi er framme?" kom det frå eit barn då vi hadde passert Hellesylt. Vi såg at barna var begynt å bli urolige i beina og veldig klar for nye opplevelsar. Etter mykje prating og peiking ut viduet var vi plutselig framme.
Vi gjekk ut av bussen å helste på Lars og Anne Grete. Deretter gjekk vi ut i hagen og fikk i oss litt frukt før Anne Grete og Ina Kristin viste oss rundt i huset. Etter omvisninga var det tid for og finne fram fjøskleda. Barna var ivrige med å få på seg kleda og på en, to, tre var vi alle klare. Inn på låven kom pusen Frikk å helste på oss, vi klappa og kosa litt med han før vi gjekk ned i fjøsen.
"MUUU! MUUU!" høyrde vi nede, nokon av barna fikk store auge og såg litt skeptiske ut. Anne Grete forklarte at kua rauta mykje no fordi at dei ikkje får so mykje mat. "Koffor får ikkje dei so mykje mat no då?" spurte eit barn. Anne Grete fortalde at dei må trappe ned med mat slik at kua sluttar å produsere melk før ho skal ut i beite, for når kua er ute i beite blir dei ikkje melka. Denne prosessen blir kalla "sining".
Vi gjekk inn i fjøsen å helste på kua, og nokon av barna prøvde å klappe dei. Vi fekk omvisning på melkerommet der vi fikk sjå korleis melkemaskinene vart satt på spenane til kua og korleis melka kom frå kua og inn i tanken. Dette var det allereide nokon av barna som hadde litt kunnskap om!
Etter alle hadde fått prøve var det matpause. Vi fikk besøk av Samuline (systra til Ina Kristin) ho hadde ein stor mage! "Trur dåkke ho har ete ein fotball sidan ho har so stor mage?" spurte Anne Grete, "Neeei! ho har baby i magen" svarte barna og lo.
Vi fann fram nista og drikkeflaska og så satt vi å prata og kosa oss.
Etter nista var komt i magen fikk vi ein overraskelse.7 Lars hadde kjøpt is til oss!! Det gjorde godt når det var so varmt! Isen gjekk fort ned og vi var klar for å ta turen ned til naboen for å sjå hesten som gjekk ute.
Denne dagen har barna sett fram til ei stund og dei har vore spent på korleis det ser ut der Ina Kristin bor. Barna kom til barnehagen med fullpakka sekkar med niste, drikkeflasker og fjøskle. Rundt frukostbordet var det mange spørsmål og undringar om dagens utflukt, maten gjekk fort ned og barna var veldig klare for tur.
"No er Ingers Trans komt!!" ropte barna og forta seg med å få på seg sekken, og smatt ut døra med bilsete i handa. Då vi var vel inne i maxitaxien, satte vi kursen mot Hornindal og på veg dit var der mange dyr å sjå langs veikanten. Vi såg geiter, hestar og sauder som var komt ut for sommaren. "Ååå! sjå der framme, det er geiter midt i vegen!!", "taxi! du må stoppe!" ropte barna "koffor går dei midt i vegen?" lurte dei på. Vi undra oss litt og fann ut at det måtte være fordi dei skulle ut på beite.
Når vi kom inn i fyrste tunnelen satt sjåføren på lyset i taket "disko, disko, disko" sa barna og begynte å danse og le. Ute av tunellane var vi komt til Hellesylt "det er her ditta fjellet som kan dette ned er!" var det eit barn som sa.
"Kor lenge er det til vi er framme?" kom det frå eit barn då vi hadde passert Hellesylt. Vi såg at barna var begynt å bli urolige i beina og veldig klar for nye opplevelsar. Etter mykje prating og peiking ut viduet var vi plutselig framme.
"MUUU! MUUU!" høyrde vi nede, nokon av barna fikk store auge og såg litt skeptiske ut. Anne Grete forklarte at kua rauta mykje no fordi at dei ikkje får so mykje mat. "Koffor får ikkje dei so mykje mat no då?" spurte eit barn. Anne Grete fortalde at dei må trappe ned med mat slik at kua sluttar å produsere melk før ho skal ut i beite, for når kua er ute i beite blir dei ikkje melka. Denne prosessen blir kalla "sining".
Vi gjekk inn i fjøsen å helste på kua, og nokon av barna prøvde å klappe dei. Vi fekk omvisning på melkerommet der vi fikk sjå korleis melkemaskinene vart satt på spenane til kua og korleis melka kom frå kua og inn i tanken. Dette var det allereide nokon av barna som hadde litt kunnskap om!
Deretter gjekk vi inn i den andre delen av fjøsen der kalvane var, kalvane var litt redde so det vart til at vi berre såg på dei.
Etter fjøsrunda var det traktor-tid! Anne Grete og Lars satt seg i kvar sin traktor og alle barna fikk prøve å tute, holde rattet og heise lesseapparatet. Dette var stas!Etter alle hadde fått prøve var det matpause. Vi fikk besøk av Samuline (systra til Ina Kristin) ho hadde ein stor mage! "Trur dåkke ho har ete ein fotball sidan ho har so stor mage?" spurte Anne Grete, "Neeei! ho har baby i magen" svarte barna og lo.
Vi fann fram nista og drikkeflaska og så satt vi å prata og kosa oss.
Etter nista var komt i magen fikk vi ein overraskelse.7 Lars hadde kjøpt is til oss!! Det gjorde godt når det var so varmt! Isen gjekk fort ned og vi var klar for å ta turen ned til naboen for å sjå hesten som gjekk ute.
Hesten kom mot oss då vi kom gåande nedover bakken. "Kan vi få ri på den?" var det nokon som lurte på, men idag vart det berre klapping. Vi ga hesten litt gras og kosa den på snuten. Etter ei stund kom jenta som eigde hesten og då fikk vi svar på det vi lurte på, namnet på hesten! Og hesten heitte Luna. Etter litt mating og kosing vinka vi farvel og gjekk opp igjen til gården.
Når vi kom tilbake i hagen var Anne Grete i full sving med å lage noko til oss! "naam, vaffle!". Vi satte oss fint ned og kosa oss med dei deilige vaflene fram til sjåføren kom for å hente oss. Vi pakka sekkane, takka for god mat og sette oss inn i maxitaxien.
Så sette vi kursen tilbake til Stranda og Tusenfryd Barnehage!
I taxien på veg heim var der ein glad og sleten gjeng.
Ditta vart sagt av barna før nokon av dei kvilte auga litt:
"Eg kjem til å savne hesten"
"Eg kjem til å savne bondegården din Ina"
"Kortid skal vi til Seljeset igjen?"
"Eg har hatt det kjekt idag"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar