Dei eldste barna er veldig glad i å få hjelpe til med å passe på dei små barna i barnehagen. Dei spør stadig vekk om å få gå inn på småbarnsavdelinga, av og til berre for å leike, men ofte fordi dei likar å vere i lag med dei minste barna.
Eit barnehagemiljø prega av tryggleik og omsorg er med på å skape gode relasjonar mellom barna og dei vaksne og mellom barn- barn. Kvaliteten på omsorgsmiljøet har stor betydning for kvart einskild barn sin trivsel og utvikling. Barna sine møter med andre barn og vaksne og barna sitt samspel i leik og aktiviteter er viktig for at barna skal utvikle tillit til andre og få styrka sjølvkjensla.
"Tyra": " Ååå, dei er søøte! Eg elsker å passe på dissa småungane..."
Mona: "Ja, og han "Martin" lika meg kjempegodt!"
"Tyra": Korleis du veit det? Han kan no ikkje snakke..."
Mona": "Han følge etter meg, heile tida når eg går...også smila han til meg og vil opp til meg. Men han er veeeldig tung, altså!"
"Tyra": "Ååå ja"..
Omsorg i barnehagen handler både om samspelet mellom barna og dei vaksne og om samspelet mellom barna.
Når barna lærer å ta omsyn til kvarandre og vise omsorg for kvarandre, vert grunnlaget lagt for utvikling av sosial kompetanse.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar