Her er to gutar som har ein konkurranse om å ha det tyngste lasset slik at vippa bikka ned. Dei diskuterte kvar det var viktig å ha tyngdepunktet, og den eine meina at det er lurt å ha det tyngste lengst bak. Då den andre guten spurte kvifor det, fekk han ei fin forklaring på at det er når det tyngste er bak at det lettast bikka ned. Han var fornøgd med svaret, og tok til å flytte sine ting heilt bak.
Det var mykje arbeid å balansere dei fulle bøttene og få så mykje som mogleg samla bak i håp om at det skulle vippe ned.
Her er ser vi eit godt eksempel på at det er mykje matematikk og logisk tenking i leiken i barnehagen. Og ikkje minst godt samarbeid og fine diskusjonar.
"Learning by doing" ( John Dewey )
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar