Onsdag 2.mars hadde Løvetanna og Solsikka ski-og akedag. Det vart trakka skiløyper til dei som hadde med seg ski og akebakken var klar for dei som hadde akebrett. Skiløperane kunne stoppe mellom rundene sine på standplass for å kaste på blink. Ein hadde festa spadar i i forskjellige høgder ned frå ein tverrliggar som barna fikk kaste erteposar på. Både heiagjengen, dei som aka og skiløperane fikk prøve seg på det.
Etter mykje aking og skigåing var det på tide å få i seg mat og drikke. Vi tok skia og akebretta i hendene å gjekk opp i barnehagen igjen. Der sto Maria klar med pølser med brød og saft i kiosken sin. Dette falt godt i smak idag.
Vi avslutta en kjempe flott dag med premieutdeling, der alle fikk applaus og diplom.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar