Kvart år i mars, blir barnehagedagen markert. Tema for årets barnehagedag var " LES HØGT FOR OSS!". Denne gongen handla det om barnehagen sitt arbeid med å sikre barne ei god språkutvikling med særlig vekt på å lese høgt for og med barn. Formålet med Barnehagedagane er å synliggjere kva barn får oppleve , erfare og lære i barnehagen. Å støtte barnet si språkutvikling er ei av barnehagen si kjerneoppgåve. Vi skal bidra til ei god språkutvikling for barn, og det å lese høgt for barn er eit ledd i dette arbeidet.
Språklege ferdigheiter har mykje å seie for barna sin trivsel og kjensle av meistring i kvardagen. Språk er avgjerande for læring, sosiale relasjoner og vennskap. Å forstå det som blir sagt, og å kunne gi uttrykk for eigne tankar, kjensler og meiningar er viktig for å skjøne kva som skjer, samhandle med andre, og ha medverknad.
Rike erfaringar med forteljing, høgtlesing, song, rim og regler kjem språkutviklinga til gode.
Høgtlesing er ein kjekk og viktig aktivitet, i barnehagen og heime.
Her er nokre tips ein kan bruke for å legge til rette for gode lesesituasjoner:
Å lese for barna er alltid like populært. Når ein les høgt kan ein undre seg i lag med barna, stoppe opp ved nye ord og uttrykk, studere bilder, og stille spørsmål om kva ein trur kjem til å skje vidare....
Barna får tilgang til bilder og bøker fra dei er heilt små. Vi øver på å behandle bøkene med respekt. Eit skjerma rom eller hjørne med t.d ei madrass med puter, eller ein liten sofa, kan vere ei fin ramme for gode lesestunder.
Vi prøver å gi barna tilgang til både faktabøker, bildebøker og andre barnebøker. I barnehagen bruker vi bøker som kilde til språkstimulering og som utgangspunkt for fine samtalar mellom barna og mellom barn og vaksne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar