Solsikka har den siste tida hatt eventyr som tema. Då har vi lest uendeleg mange eventyrbøker, med eventyr både av norsk og utanlandsk opphav. Barna har lytta til forteljingar, uttrykt seg gjennom ulike dramatiseringar og dukketeater. Dei har også brukt konkretatar for å leike nokre av eventyra både i pedagogisk bruk av leik og i fri, barnestyrt leik.
Eit høgdepunkt var å få opptre med dramatisering av eventyra "Skinnvotten", "Gullhår og dei tre bjørnane", og eventyret "Dei tre bukkane bruse", for dei andre barna i barnehagen.
Førskulebarna har i tillegg tatt i bruk IKT som verktøy, og har laga ein fin animasjonsfilm av eventyret "Skinnvotten". Gjennom dette arbeidet har vi hatt fokus på at barna skal:
- Bli kjend og fortruleg med dei ulike digitale verktøya som vi har i barnehagen.
- Erfare at dei digitale verktøya er eigna hjelpemiddel til utforsking, leik og læring
- Vere med i heile prosessar og bruke ulike programvare for å lage animasjonsfilm
- Få oppleve at bruk av digitale verktøy har verdi i seg sjølv og i kombinerte aktiviteter.
DU KAN SJÅ OG NYTE RESULTATET HER:
(NB! SKRU OPP LYDEN)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar