Då gradestokken i dag vise minus -13, fann vi ut at vi ville ha ein kosefredag med leikegrupper inne.
Vi lagde hytte inne på Solsikka og innredet det med senger og kjøkken og hadde ei lita lestestund inne i hytta vår.
Vi hadde kjekke aktivitetar med activboard'et. Då fekk vi øvd oss litt på å samarbeide og å vente på tur. Det er kjekt å lage store "vennebilder" i lag.
Å bygge, skru og lage maskiner og ting med brio Mac er spennende og utfordrende. Nokre kreative barn leika med brio Mac i heile dag.
Ein anna kreativ gjeng brukte tid på å teikne, fargelegge, klippe og lime. Dei laga nokre fine bilete...
Det vart med andre ord ein roleg innedag. Så no håper vi det snart kjem masse snø og at det blir litt høgare temperaturar.. Mange gler seg nemleg veldig til lange utedagar med aking, ski og matlaging på bålpanne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar