FØRSKULEBADING
Det er mandag føremiddag, ein dag seint i oktober. Olav og Simon har komt inn etter uteleiken, litt før resten av barnegruppa. Dei sit på kjøkkenet og et lunsj for seg sjølv. Gutane er tydeleg oppspela og forventningsfulle. Dei pratar i eit sett om innhaldet i sekkane som står ved sidan av dei, medan dei sluker brødkivene sine. Eg veit kva dei skal, og kvifor dei er så oppspela. Det har dei allereie annonsert rundt omkring for alle i barnehagen...
I dag er det nemleg deira tur til å vere med på førskulebading!!
I sekken har dei pakka alt som sto på lappen, som vart hengt på garderobehylla på fredag. Badekle, shampo, såpe, hankle og armeringar... Dei har full kontroll på kva som ligg i sekken!
Marianne kjem inn døra, ferdig påkledd, med bilputene under arma. Ho spør om dei er klare. Gjett om dei er! Olav og Simon skundar seg å sette koppen og fatet på benken, før dei spring ut i garderoba, tek på jakke og sko og forsvinn ut døra.
Med sekken på ryggen,går dei to gutane, stolte og litt triumferande forbi dei andre barna, som ser lengselsfullt etter dei. "Ikkje sant at eg skal på bading når eg blir 5 år?", spør Mina på 4 år, den vaksne som sit ved sidan av ho i sandkassa, då det vesle følget passerer dei på veg til bilen.
Ein augneblink etter sit gutane klare i bilen, og praten deira går fortsatt like ivrig på veg til skulen. Snart parkerar dei bilen på parkeringsplassen og går mot skuleplassen.
Idet dei kryssar uteområdet kjem "gamle Tusenfrydbarn" springande og vil ha klem og prate litt...Dei får fortelle om livet på skulen, til dei to storauga førskulegutane.
Vel inne i garderoba er det mykje å passe på. Skoa må settast på hylla utanfor garderoba og jakka skal hengast på knaggen, før dei skal legge alle klea, i tur og orden, fint samla på ein plass.
Inne i garderoba møter dei som avtalt, to førskulebarn frå Ringstad barnehage, saman med ein vaksen. Barna kjenner kvarandre frå før, og dei går saman inn for å dusje.
Såpa er litt vanskeleg å åpne og badeklea og armringane litt vanskeleg å kle på seg når ein er våt... men snart ligg alle dei fire førskulebarn og dei to vaksne ute i det varme, deilige vatnet.
I bassenget vert tida nytta til å bli betre kjent med førskulebarn frå Ringstad barnehage, og til leik, vasstilvenning og motorisk aktivitet i vatnet.
Det å få verte litt kjent på skulen og å få meistringsfølelse i vatn før skulestart, trur vi er med på å gjere overgangen frå barnehage til skule lettare...
I tillegg til at det berre er frykteleg kjekt å få bade saman med ein god venn!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar